Gå til hovedinnhold

Personvern på ptil.no

Her kan du lese om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande til ptil.no.


Statistikk
Vi samlar inn vanleg besøksstatistikk for nettstaden, også ved hjelp av informasjonskapslar (cookies). Vi brukar denne informasjonen til å analysere bruken av nettsidene våre og for å forbetre og vidareutvikle innhaldet på nettstaden.

Eksempel på kva nettstatistikken gir oss informasjon om:

  • kor mange besøkande vi har til sidene
  • kva sider som vert besøkt
  • kor lenge besøket varar
  • kor dei besøkande kjem frå (geografisk by/land)
  • kva nettlesar som vert brukt
  • kva søkeord som vert brukte

Vi brukar analyseverktøyet Google Analytics til dette formålet.

Ingen av opplysningane vil bli brukte til å identifisera enkeltpersonar. Informasjonskapslane og statistikken vert berre brukt i samband med drift og vidareutvikling av nettstaden.

Nyheitsbrev
Du kan abonnere på nyheitsbrev slik at du får ein e-post frå oss når vi legg ut nyheiter eller annen informasjon her på nettstaden. For at vi skal sende e-post til riktig abonnent, må du registrere namn og e-postadresse. Desse opplysningane vert lagra i ein eigen database.  

Opplysningane om deg vert berre brukte til å sende deg nyheitsbrev, ikkje til noko anna. Dersom du vel å avslutte abonnementet, vert opplysningane om deg sletta.

Del/tips-tenesta
Delingstenesta vår kan brukast til å dele artiklar frå nettstaden. Opplysningar om deling vert ikkje logga.

Personopplysningar
Enkelte sider på ptil.no inneheld skjema for påmelding til ulike arrangement. Personopplysningar som vert samla inn via slike skjema vert berre brukte i samband med avviklinga av arrangementet.