Gå til hovedinnhold

Organisasjonen vår

Organisasjonen vår reflekterer i stor grad dei ulike sikkerheitsmessige utfordringane selskapa i petroleumsverksemda står overfor.


Fag
Fagekspertisen vår er delt inn i seks fagområde:

  • Arbeidsmiljø
  • Boring og brønnteknologi
  • HMS-styring og leiing
  • Konstruksjonssikkerheit
  • Logistikk og beredskap
  • Prosessintegritet

Kvart område vert leia av ein fagleiar som har ansvar for kvalitet, personell, kompetanseutvikling og ressursstyring.

Tilsyn
Tilsynsverksemda er organisert i seks hovudgrupper, kor medlemmene er henta frå ulike fagområder.

Kvar hovudgruppe har ein tilsynskoordinator som har produktansvar og formell vedtaksmyndigheit.

Juss og rammevilkår
Juristane hos oss bidreg først og framst til å sikra den juridiske kvaliteten i regelverk, pålegg og andre produkt kor det formelle grunnlaget må vera klart og eintydig. Dette er viktig blant anna for å sikre likebehandling av aktørane i næringa.

Kommunikasjon og samfunnskontakt
Fagmiljøet har blant anna ansvar for mediekontakt, drifta av nettstaden og utarbeiding av trykte publikasjonar. Avdelinga svarar også på generelle spørsmål frå publikum.

Drift og utvikling
Avdelinga er ansvarleg for intern drift og organisasjonsutvikling og består av viktige støttefunksjonar innan økonomi, personalforvalting, arkivfunksjon og IKT, i tillegg til eit eige fagbibliotek for tilsette.