Gå til hovedinnhold

Norsk oljehistorie i korte trekk

Dette samandraget er henta frå heftet Fakta 2002 - Norsk petroleumsverksemd, som vert gjeve ut av Olje- og energidepartementet.


På 1950-talet var det svært få som trudde at havbotnen utanfor norskekysten skjulte olje- og gassrikdomar. Men gassfunnet i Groningen i Nederland i 1959 førte til geologisk nytenking kring petroleumspotensialet i Nordsjøen.

Hausten 1962 bad oljeselskapet Phillips, fylgt av andre selskap, om løyve til å gjere geologiske undersøkingar i havområda utafor Noreg.

"Norges statshøyhet over norsk kontinentalsokkel for utforskning og utnyttelse av undersjøiske naturforekomster" vart proklamert 31. mai 1963.

Ny lov slo fast at staten var grunneigar og at berre Kongen - det vil seie regjeringa i statsråd - kunne gje løyve til leiting og utvinning. Selskapa fekk høve til å gjere førebuande undersøkingar det same året.

Undersøkingsløyvet gav mellom anna rett til seismiske granskingar, men ikkje til boring.

I mars 1965 gjorde Noreg ein avtale med Storbritannia om deling av kontinentalsokkelen etter midtlinjeprinsippet. I desember same året vart det gjort ein tilsvarande avtale med Danmark.

Kontinentalsokkelen sør for Stad (62 grader nord) vart delt opp i 37 kvadrantar. Kvar kvadrant inneheld 12 blokker som har ein storleik på 15 breddeminutt og 20 lengdeminutt.

Første konsesjonsrunde vart lyst ut 13. april 1965. Det vart tildelt 22 utvinningsløyvingar for 78 blokker til oljeselskap eller grupper av selskap.

Eit utvinningsløyve gav einerett til undersøking, boring og utvinning i konsesjonsområdet.

Sommaren 1966 vart den første leitebrønnen bora på norsk kontinentalsokkel. Brønnen var tørr.

Eit stikkord for norsk olje- og gasspolitikk frå tidlig på 70-tallet var nasjonal styring og kontroll, oppbygging av eit norsk oljemiljø og statleg deltaking.

Storting, regjering, departement og eit nytt direktorat, Oljedirektoratet, skulle stå for styring og kontroll. Stortinget skulle ta avgjerd om opning av nye område, og Regjeringa skulle tildele konsesjonar.

I 1970-åra var leiteverksemda konsentrert til områda sør for Stad. For å halde eit moderat utviklingstempo vart sokkelen opna gradvis, og berre eit avgrensa tal blokker vart lyst ut i kvar konsesjonsrunde.

Utanlandske selskap dominerte leiteverksemda i startfasen og stod for utbygginga av dei første olje- og gassfelta.

Dei utanlandske selskapa var tenkt å få ei viktig rolle på lang sikt, men målsetjinga om å byggja opp eit norsk oljemiljø vart også viktig.

"Den norske stats oljeselskap a.s", Statoil, vart oppretta, og regelen om 50 prosent statsdeltaking i kvart utvinningsløyve vart etablert. Seinare har Stortinget vedteke at denne prosentdelen, etter ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, vil kunne setjast høgare eller lågare.

Staten si deltaking i petroleumsverksemda vart omorganisert 1. januar 1985.

Statoil sin deltakaradel vart delt i to økonomiske delar, ein som er knytt til selskapet, og ein som er knytt til ordninga med eit direkte statleg økonomisk engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Ordninga inneber at ein del av Statoil sine bruttoinntekter frå det enkelte prosjektet vert overført direkte til staten, og at ein tilsvarande del av Statoil sine utgifter knytt til det enkelte prosjekt vert dekka av staten ved SDØE.

I mai 1993 avslutta ein for første gong produksjonen på eit felt på norsk kontinentalsokkel. Då slutta produksjonen på gassfeltet Nordaust Frigg. Pr. andre kvartal 1999 er det i alt 10 felt som er avslutta på norsk kontinentalsokkel.

I løpet av dei siste 10 åra har norsk olje- og gassproduksjon auka mykje, og me er i dag verdas nest største eksportør av råolje etter Saudi Arabia. Oljeverksemda utgjer nå ein viktig del av norsk økonomi og skaper store inntekter for staten.

Nordsjøen
I 1967 vart Balder-feltet i Nordsjøen funne. I desember 1969 vart Ekofisk-feltet påvist, og tidleg i 1970 var det klart at dette funnet var svært viktig. Seinare same året vart det gjort fleire interessante funn i det same området.

Oljeproduksjonen i Nordsjøen tok til frå Ekofisk-feltet i 1971.

Fram til oljerøyrleidningen i Teesside (Norpipe) sto ferdig i 1975 vart den produserte olja bøyelasta på feltet. Ein røyrleidning for tørrgass frå Ekofisk til Emden i Tyskland sto ferdig i 1977, og opna for gasseksport til kontinentet.

Innretningane i Ekofisk-området utvikla seg til å bli eit knutepunkt for olje- og gassrøyrleidningar.

Frigg-feltet vart påvist i 1971, og produksjonen frå feltet tok til seks år seinare. Det vart bygt ein gassrøyrleidning til St. Fergus i Skottland.

I 1974 vart Statfjord-feltet påvist. Førekomsten ligg delvis på norsk og delvis på britisk kontinentalsokkel. Produksjonsinnretningane er på norsk side.

Den første av dei tre betongplattformane på feltet starta å produsere olje i november 1979. Drifta av Statfjord-feltet var Statoil si første store operatøroppgåve.

Stortinget vedtok hausten 1986 utbygging av gassfelta Sleipner Aust og Troll.

Utbygginga av Troll er eit av verdas største energiprosjekt, og er ein illustrasjon på at gasseksporten vil få meir å tyde for samla norsk petroleumsproduksjon.

Norskehavet
I 1980 vart dei første tre utvinningsløyva nord for Stad, 62 grader nord, tildelt. Det første funnet av petroleum på Haltenbanken vart gjort i 1981 då Midgard-feltet (del av Åsgard) vart oppdaga.

Seinare er fleire olje- og gassførekomstar påvist. Oljefeltet Draugen vart som første felt på Haltenbanken vedteke utbygt hausten 1988, og produksjonen starta i oktober 1993. Seinare har også felta Heidrun, Njord og Norne kome i produksjon.

I februar 1992 godkjende Stortinget etablering av ein røyrleidning mellom Heidrun-feltet og Tjeldbergodden (Haltenpipe). Produksjonen på Heidrun-feltet starta opp i 1995, og assosiert gass frå feltet vert nytta til metanolproduksjon på Tjeldbergodden.

I 1996 vart det vedteke å byggje ut Åsgardfeltet.
I 15. konsesjonsrunde i 1996 var 14 av 18 tildelte utvinningsløyvingar lokalisert i Norskehavet, og alt i 1997 vart det gjort to funn i desse. Begge var store funn som stadfester at området har stort potensiale. Det eine funnet var Ormen Lange, som ligg i utvinningsløyvene 208, 209 og 250.

Førebelse ressursestimatar frå Oljedirektoratet syner at Ormen Lange er det nest største gassfunnet på norsk sokkel, med 330 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar.

Barentshavet
Sidan 1980 har det på norsk sokkel vorte tildelt i alt 39 utvinningsløyver i Barentshavet. I fleire av utvinningsløyvingane er det gjort ei rekkje mindre og middels store gassfunn.

Søknaden for Plan for utbygging og drift (PUD) og Plan for anlegg og drift (PAD) av Snøhvit LNG vart levert styresmaktene i september 2001 og godkjent av Stortinget i mars 2002. Funnet var påvist allereie i 1984.