Gå til hovedinnhold

Kva er tilsyn?

Tilsyn omfattar mykje meir enn revisjonar offshore og på landanlegg. Tilsyn er heilskapen i kontakten mellom oss og tilsynsobjekta, og omfattar alle aktivitetar som gir oss det nødvendige grunnlaget for å vurdera om selskapa tek ansvar for å driva forsvarleg.


Bilde fra tilsynsbesøk

Ptil sitt tilsynsansvar omfattar per 1. februar 2016:

  • 80 faste innretningar (plattformar)
  • 59 flyttbare innretningar med SUT
  • Åtte petroleumsanlegg på land
  • Rundt 300 innretningar på havbotnen
  • Cirka 15 400 kilometer olje- og gassrøyrleidningar
  • 25 000 menneske som jobbar på innretningane offshore

Tilsynsansvaret omfattar heile livssyklusen i petroleumsverksemda, frå leiteboring, utbygging og drift fram til nedstenging og fjerning.

Den mest synlege delen av tilsynet vårt er når vi dreg ut på innretningane i havet, på landanlegga eller på byggeplassane for å få stadfesta at selskapa etterlever regelverket.

Men tilsyn er også

Kven fører vi tilsyn med?
Vi fører tilsyn med alle aktørar i næringa. I teorien gjeld dette alle operatørar, entreprenører og reiarar i verksemda. Vi rettar likevel først og fremst merksemda vår mot det oljeselskapet som har operatøransvaret, fordi operatøren har eit overordna ansvar for at alle deira leverandørar og underleverandørar etterlever regelverket.

Myndigheita vår omfattar heile den norske kontinentalsokkelen. Også landanlegga fell inn under vårt myndigheitsområde.

Med omkring 170 tilsette seier det seg sjølve at det å rekka over alt og alle i løpet av eitt år ikkje lar seg gjera. Det skal heller ikkje vera naudsynt. Vår viktigaste oppgåve er å følgja opp at selskapa sjølve tek ansvar.

Vi prioriterer tilsyn der kor risikoen har vist seg å vera størst . Dette vert kalla risikobasert tilsyn.

Korleis føregår tilsynsarbeidet?

Den største delen av den praktiske tilsynsverksemda handlar om dialog mellom oss og næringa – det å spørje etter planar, analyser, dokumentasjon og informasjon.

I tillegg kjem faglege, tversgåande initiativ retta mot næringa samla for å påverka til positiv utvikling innan eit bestemt fagområde.

Ein tilsynsaktivitet, som til dømes ein revisjon, er som regel varsla ei stund på førehand. Revisjonen byrjar vanlegvis i god tid før revisjonslaget dreg ut i felten – gjerne ved møter med det aktuelle selskapet. Der er både representantar frå leiinga og arbeidstakarane i selskapet representerte. I samband med besøk offshore eller på landanlegg held ein gjerne også eigne møter med vernetenesta, for å sikra at synspunkta til arbeidstakarane kjem fram.

Tilsynsaktivitetane vert summert opp i eigne tilsynsrapportar som vert brukte som grunnlag til å bestemme korleis funna skal følgjast opp. Det kan til dømes vera aktuelt å gi pålegg. Eit pålegg er eit vedtak om tiltak som selskapet har lovmessig plikt til å etterkomme. Sjå også verkemiddel ved regelverksbrot

Vi legg stor vekt på dialog mellom partane i verksemda, og bransjen har difor fleire viktige fora for trepartssamarbeid, som Regelverksforum og Sikkerhetsforum.

Organisering: Tilsynskoordinatorar og kontaktpersonar 
Vi har organisert ansvaret for tilsynet i seks ulike lag som har ansvar for kvar sin portefølje av aktørar. Kvart lag er sett saman med relevante fagfolk frå organisasjonen vår.  

Laga vert leia av kvar sin tilsynskoordinator med produktansvar og formell vedtaksmyndigheit. Kvart lag har òg eigne kontaktpersonar som er faste kontaktpunkter mot sine definerte aktørar.