Gå til hovedinnhold

Samtykkeordninga

Operatøren må hente inn samtykke frå myndigheitene ved viktige milepælar. Ordninga er etablert for å sikre at det vert oppretta gode statuspunkt i operatøren si verksemd, og at myndigheitene har styring med sentrale avgjerslepunkt hos operatøren.


Eit utferda samtykke uttrykker myndigheitene si tillit til at operatøren kan gjennomføre aktiviteten innanfor rammene i regelverket, og i samsvar med dei opplysningane som er gitt i samtykkesøknaden.

Samtykke er ein føresetnad for all aktivitet på norsk sokkel.

Når må operatøren ha samtykke?

  • før gjennomføring av undersøkingar kor det skal borast djupare enn 200 meter under sjøbotnen
  • før gjennomføring av leiteboringar
  • før gjennomføring av bemanna undervassoperasjonar
  • før ein innretning eller delar av den vert tatt i bruk
  • før utforming av større ombyggingar eller endring av bruksformål
  • før bruk av ein innretning ut over den levetida og dei føresetnadane som er lagd til grunn
  • før disponering/fjerning/flytting av ein innretning
  • før fjerning eller endring av bruken av eit fartøy som har vesentleg sikkerheitsmessig funksjon

Kjelde/fulltekst: styringsforskriften, § 25

Samtykkesøknaden - eit forpliktande dokument
Samtykkesøknaden representerer eit forpliktande dokument med omsyn til operatøren si oppfylling av regelverkskrav som fell inn under vårt ansvarsområda, i tillegg til Miljødirektoratet (tidlegare Klif) og Statens helsetilsyn.

Innhaldet i ein samtykkesøknad er bindande og vert lagd til grunn for myndigheitene sitt tilsyn etter at samtykket er gitt.

Informasjon om kva samtykkesøknaden skal innehalde finn du i § 26 i Styringsforskriften.

Endringar
Skal det gjennomførast endringar i verksemda, må operatøren informere myndigheitene snarast, dersom endringane bryt med føresetnadane i samtykket. Vi vil då kunne utføre verifikasjonar for å få bekrefta at aktiviteten kan gjennomførast i samsvar med regelverket – og i samsvar med forpliktingane i samtykkesøknaden.

I motsett fall kan vi gripe inn med pålegg – eller krevje at operatøren innhentar nytt samtykke.