Gå til hovedinnhold

RNNP: Definerte fare- og ulykkesituasjonar (DFU)

I utarbeidinga av Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) vert fleire risikoindikatorar brukte for å måla tilstanden for såkalla definerte fare- og ulykkesituasjonar (DFU). Men kva er desse DFUane? Og kven av dei vert rekna som å ha potensial for storulykker i petroleumsverksemda?


Dei som er ansvarlege for å driva forsvarleg petroleumsverksemd må definera kva hendingar ein må beskytta seg i mot. Denne samlinga av mogelege hendingar vert kalla definerte fare- og ulykkesituasjonar (DFU).  

I samband med Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) vert alle innsamla data behandla i ein statistisk modell som viser korleis bidragsytarane til risiko utviklar seg både samla og for den enkelte DFUen.

Dei forskjellige risikoindikatorane relatert til storulykke resulterer i ein samla indikator for storulykkerisiko. Metoden bidrar til at tiltak retta mot dei mest alvorlige hendingane kan settast inn der behovet er størst og kor dei får størst effekt.

DFUane som har potensial for storulykker i petroleumsverksemda:

Plattformar og riggar er konstruert for å tåla mindre samanstøyt. Men eit stort skip, eventuelt kombinert med høg fart, kan påføra skader som i verste fall fører til full kollaps av innretninga si bærande konstruksjon. Det kan også oppstå skade som følgje av ekstreme vêrforhold. Denne type faresituasjonar omfattar stabilitetssvikt og feil på forankring og posisjoneringssystem på flytande innretningar. Dette kan i verste fall føra til totalhavari.

Fleire indikatorar
I tillegg til DFUene over fins det DFUar som ikkje har storulykkepotensial, men som likevel er ein del av det totale risikobildet. Det gjeld for eksempel