Gå til hovedinnhold

Likelydande brev

Eit likelydande brev er eit brev med likt innhald som vert sendt til alle, eller til enkelte grupper av aktørane i petroleumsverksemda, avhengig av kven innhaldet er relevant for.


Innholdet kan vere

  • ei rettleiing knytt til føresegner i regelverket            
  • ei oppmoding om at særlege tiltak vert gjennomført
  • anna viktig informasjon.

Eit likelydande brev har ikkje status som pålegg, og er difor ikkje formelt forpliktande slik som eit vedtak er.

Vi kan eventuelt følgje opp brevet med bruk av formelle verkemiddel dersom brevet ikkje har den ønska effekten.

Vi publiserer likelydande brev på nettstaden vår for å bidra til at innhaldet blir gjort kjent i industrien.