Gå til hovedinnhold

Granskingar

Dei mest alvorlege hendingane vert granska av oss. Gransking inngår såleis som ein viktig del av tilsynsverksemda vår.


Bilde fra gransking

Vi følgjer opp fare- og ulykkesituasjonar innan myndigheitsområdet vårt på ulike måtar, avhengig av kor alvorleg hendinga er. Gransking er eit godt verkemiddel for å hente inn kunnskap om kva det er som utløyser alvorlige hendingar og for å skape merksemd om utløysande mekanismar, både teknologiske, menneskelege og organisatoriske.

Etter ei alvorleg hending kan tilsynet vårt gjennomførast i form av:

  • Vår eigen sjølvstendige gransking. Denne vert ofte gjennomført parallelt med påtalemakta si etterforsking, kor vi yter fagleg støtte.
  • Oppfølging av systema operatøren har for å følgje opp hendinga.
  • Saksbehandling av operatørselskapa sine eigne granskingsrapportar.

Når granskar vi?
Hendingar som typisk kvalifiserer til at vi startar eigen gransking:

  • storulykke og tilløp til storulykke
  • dødsfall i samband med arbeidsulykke
  • alvorleg personskade med potensial for dødsfall
  • alvorleg svekking eller bortfall av sikkerheitsfunksjonar og barrierar som set innretninga si integritet i fare

Ved behov kan granskinga gjennomførast i samarbeid med andre tilsynsetatar.

I ei gransking samlar vi inn fakta og årsaksforhold vert avdekka. På bakgrunn av det vi blir kjent med i granskinga vurderer vi kva verkemiddel som må nyttast for å bringe verksemda i samsvar med regelverket, og for å førebygga liknande hendingar.

Gransking – ei sentral del av tilsyn 
Oppfølging av hendingar er omfatta av tilsynsomgrepet, og inngår som ein viktig del av tilsynet vårt. Erfaringar frå denne delen av tilsynsaktiviteten vert mellom anna brukt til

  • å prioritera tilsynsaktivitetar
  • å informera/orientera næringa, for erfaringsoverføring
  • å vurdera behov for regelverksutvikling og vidareutvikling av regelverket, i tillegg til vidareutvikling av tilsynet
  • intern kompetanseheving

Vi har også ei viktig rolle i å informera andre land sine HMS-myndigheiter om hendingar på norsk sokkel som kan ha relevans for desse.