Gå til hovedinnhold

Offentleg journal

Våre saksdokument er i utgangspunktet offentlege så langt det ikkje er gjort unntak i lov eller medhald av lov. Alle som ønskjer det kan krevje innsyn i det offentlege innhaldet i saksdokumenta våre i ei bestemt sak


Ifølge offentlegforskrifta §6 skal alle statlege verksemder gjere postjournalane sine tilgjengeleg på Internett. 

OEP er ei felles publiseringsteneste for postjournalane.

Korleis søke om innsyn?
Veit du kva dokument du vil søke innsyn i, kan du sende ein e-post direkte til postboks@ptil.no.
Du kan også kontakte dokumentsenteret vårt på telefon 51 87 32 00.

Offentlig elektronisk postjournal (OEP) 
I OEP kan du søke etter og bestille innsyn i dokument frå alle statlege verksemder som er med i OEP. Bestillingar til oss vert behandla som innsynskrav, og du vil få svar ifrå Ptil.

Unntak frå innsyn
Unntak frå innsyn skal ifølgje offentleglova § 3 ha heimel i eller medhald av lov.

Offentleglova § 13 til § 26 gir ein del sentrale unntaksheimlar. Opplysningar som er underlagt teieplikt skal unntakas innsyn. Andre opplysningar og dokument kan i visse tilfelle unntakas.

Betaling for innsyn
Hovudregelen er at innsyn etter offentleglova er gratis, men med heimel i offentleglova § 8, er det ved forskrift fastsett rett til i nokre tilfelle til å likevel krevje betaling for innsyn.

Vi tek ofte i mot omfattande førespurnader om innsyn, noko som er svært ressurskrevjande for organisasjonen. Vi krev derfor betaling når dokumenta er som nemnde i § 4 i Offentlegforskrifta med omsyn til omfang eller art.