Gå til hovedinnhold

Video frå seminar om undervassanlegg 25. mars

Tema for seminaret var integritet, læring, erfaringsdeling, kontinuerlig forbetring og førebygging av storulykker. Sjå video av innlegga på seminaret her. Alle presentasjonar frå foredraga er også publisert her.





Seminar on subsea facilities, 25th March 2014





















Bakgrunnen for seminaret var den store teknologiske utviklinga som har vore innan området subsea. Subseabrønnar har eksistert i oljeindustrien sidan tidleg 1960-talet, men fram til seint 1980-talet var dette ei sjeldan utbyggingsløysing.

Noreg har vore i førarsetet i teknologiutviklinga med ei rekke store undervassutbyggingar på 1990- og 2000-talet. Gjennom denne satsinga er det bygd opp ein omfattande kompetanse hjå operatørselskap, leverandørar, konsulentselskap og forskningsinstitusjonar, og Noreg har og vore ein sentral aktør i utviklinga av standardar på området. 

Nye subseautfordringar
Utviklinga mot høgare trykk og temperatur, djupare vatn og meir fjerntliggande område har ført til store endringar i utstyr knytt til undervassanlegg. Det er og  fleire undervassanlegg frå tidlegare store utbyggingar på norsk sokkel som nærmar seg designlevetida si.

Mange pågåande prosjekt i planleggings- og implementeringsfasen gjer at vi forventar høg aktivitet knytt til både vurdering av eldre anlegg for vidare drift og installering av nye. Vi ser og at det kjem til nye aktørar på norsk sokkel med operatøransvar for undervassanlegg.