Gå til hovedinnhold

Vellukka seminar om brønnhovudutmatting

Petroleumstilsynet gjennomførte eit seminar om brønnhovudutmatting i eit systemperspektiv 6. desember 2012.


Målet med seminaret var å auke den generelle kunnskapen om problemstillingar knytt til brønnhovudutmatting for subseaanlegg og å dele erfaringar i industrien med hovudfokus på system- og heilskapstenking frå boreinnretning via borestigerøyr til subseaanlegg og ned i brønnen.
 

Dei rundt 150 deltakarane fekk gjennom ni presentasjonar frå Ptil, DNV, Shell, OLBRI, FMC, NeoDrill, GE Oil & Gas, Statoil og BP (4Subsea) ei statusoppdatering på brønnhovudeutmatting der følgjande tema vart dekka:

  • Standarder, normer, rettleiingar og krav i regelverket med historisk utvikling.
  • Joint Industry Projects (JIP) og andre samarbeidsprosjekt.
  • Internasjonale erfaringar.
  • Dokumentasjon, verifikasjon og analysar.
  • Instrumentering og monitorering.
  • System for integritetsstyring.
  • Forbetringstiltak og løysingar.
  • Sikkerheitsfaktorar og usikkerheter.
  • Sensitivitetsvurderingar av input-parametrar.
  • Brønnhovudutmatting historisk, notid og i framtida.

Utfordringane knytt til brønnhodeutmatting omfattar alt frå innretning for intervensjon, nødvendig intervensjonsutstyr, brønnrammer med tilhøyrande utstyr, og sjølve brønnen.

Systemtilnærming
Ein kan ikkje berre sjå isolert på enkeltkomponentar som brønnhovudet. Ein må ta omsyn til heile systemet, då det i mange tilfelle kan vere fornuftig med løysingar i andre delar av systemet. Med ei systemtilnærming sikrar ein handtering av grensesnitt mellom standardar og normer og involvering av alle relevante partar.

På god veg, men mykje gjenstår
Det er gjort eit godt stykkje arbeid både i samarbeidsprosjekt og enkeltvis i enkelte selskap med problemstillingar knytt til brønnhovudutmatting. Så langt er mykje av dette arbeidet teoretiske analysar og berekningar som ikkje er verifiserte opp mot faktiske lastar.

Det manglar framleis eit arbeid med å utstyre innretningar med instrumentering for overvaking og registrering av tilstandar og parametrar som kan ha betydning for å verifisere resultata. Dette er ein føresetnad for å kunne gjere detaljerte analysar og berekningar for å dokumentere samsvar med krav i regelverket og selskapsspesifikke krav. Der ein er usikker må ein kompensere med tilsvarande sikkerheitsmarginar for å tilfredsstille krav.

Behov for koordinering
Seminaret viste at det er mykje arbeid på gang i fleire selskap, men at det er eit behov for ei koordinering for å dele erfaringar. Utfordringa er å samle all kunnskapen og nytte ho til utvikling og kontinuerlig forbetring.

Sjå høgre marg for å laste ned presentasjonane frå seminaret (PDF).


Kontaktperson i Ptil:
Trond E. Sundby
E-post: trond-e.sundby@ptil.no
Telefon: 51 87 65 66