Gå til hovedinnhold

Trur på norsk sokkel som leiande på HMS

- Eg synest ofte at det blir for mykje svartmaling av stoda på norsk sokkel. Rapporteringskultur er eit viktig tema som er tatt opp til debatt i Sikkerheitsforum. Me må huske på at skilnaden mellom soklar og selskap er stor, seier Audun Bjordal, driftsdirektør i Halliburton Skandinavia og OLF-representant i Sikkerhetsforum.


Audun Bjordal er ein fredelig, ja, nesten lågmælt mann, som utviser eit stort engasjement når han kjem inn på tema omkring HMS-nivået på norsk sokkel.

- Det kan bli ganske feil om ein berre legg sikkerheitsstatistikk til grunn for samanlikningar mellom ulike soklar og selskap så lenge rapporteringsgrunnlaget er så forskjellig. I Halliburton har me hundre tusen tilsette over heile verda og me ser skilnadene frå ulike soklar spesielt på ulykkesfrekvens. Her skil faktisk Halliburton Norge seg positivt ut sett i forhold til andre lands operasjonar innafor konsernet.

Du er relativt ny i Sikkerheitsforum - korleis ser du på denne arenaen?
- Sikkerheitsforum er ein arena der dei som er med blir høyrde, samstundes føler eg meg nok ennå som ein læregut i Sikkerheitsforum. Eg var skeptisk då eg gjekk inn som representant for OLF sitt utvalg for helse, sikkerheit og drift, og eg var også usikker på resultata som arenaen kunne visa til. Eg har likevel erfart at dette er ein viktig møteplass for å drøfte sentrale HMS-spørsmål i eit tre-partsperspektiv. Det er også eit godt høve til å møta og bli kjend med folk frå styresmaktene og fagforeiningane.

Audun Bjordal, OLF
- I Halliburton har me hundre tusen tilsette over heile
verda og me ser skilnadene frå ulike soklar spesielt på
ulykkesfrekvens. Her skil faktisk Halliburton Norge seg
positivt ut sett i forhold til andre lands operasjonar
innafor konsernet, seier Audun Bjordal
.
Kva med landindustrien som nå også er representert i Sikkerheitsforum?
- Ulykkesstatistikken offshore har vore mykje betre enn på land, men eg ser fram til å følgje med på dei innspela som kjem frå denne delen av næringa.

Då du kom inn i Sikkerheitsforum hadde OLF sitt HMS-utval blitt definert om til å vera eit utval for helse, sikkerheit og drift?
- Eg meiner at det å ha HMS som ein parallell organisasjon til drift, var feil. Ein treng spisskompetanse på HMS og fagstabar på området. Desse må fungera som ei støtte og ein korreks til dei operative miljøa i driftsorganisasjonane. Det er svært viktig å få driftsorganisasjonane til å ta eit klart HMS-ansvar. I Halliburton har me lagt HMS-ansvaret heilt klart i linjeleiinga.. Me bruker store ressursar på HMS i linja, men me har òg ei egen HMS- avdeling med sju, åtte fagfolk som bidrar med sin kompetanse der det trengs - og me har ein eigen direktør for fagområdet.

Du er leiar for 450 tilsette som direktør for Sementering og væsketenester hos Halliburton i Noreg. Det betyr at du så og sei "vassar" i HMS- utfordringar?
- Ja, det er store HMS-utfordringar på dette området - kor kjemikaliedelen er spesielt viktig. Me har heldigvis i dag rimelig "snille" produkt som me jobbar med og slit nok mykje mindre med aggressive produkt enn i industrien elles. Me jobbar mykje for å fjerna dei helsefarlege produkta som er igjen, og me brukar også store ressursar på design av utstyr for å redusere eksponeringa operatøren blir utsett for. I Halliburton har me eit spesielt fokus på omsynet til ytre miljø. Dette er spesielt viktig i samband med operasjonar i dei miljøsårbare områda i nord.

Audun Bjordal, OLF
- Eg synes det er godt at me har aktiv ungdom og
organisasjonar som til dømes Natur og Ungdom.
Korleis opplever du som fagmann det kritiske fokuset frå miljøbevegelsen?
- Eg synes det er godt at me har aktiv ungdom og organisasjonar som til dømes Natur og Ungdom. Eg er sjølv far til to ungdommar på 15 og 12 år. Slike organisasjonar har ein viktig misjon, og eg har sjølv vore medlem. Fleire stemmer er nyttig og viktig i debattane. Samtidig er eg opptatt av at fokus må stå i forhold til utfordringane. Du gløymer ofte totaliteten i fokuset på detaljane. Alle seriøse aktørar veit at dei må sikra best tilgjengelig teknologi og kompetanse og minst mogleg påverknad på miljøet - elles vil aktiviteten vera politisk umogleg.

Fortel litt om vegen frå studiar i petroleumsfag ved Høgskolen i Stavanger i 85 fram til jobben du har i dag.
- Eg kom rett frå studiar til Halliburton innanfor stimulering, frakturering, hydraulisk oppsprekking og sementering.

Spanande?
- Ja, det vart mykje jobbing offshore mot drift og reservoarmiljøet . I -91 kom eg til Danmark kor eg arbeidde innanfor same fagområdet og blei der i tre år. Me hadde eit barn då me drog ned dit og fekk eit barn til i Danmark. Så i -93 drog me til Libya. Familien fann seg faktisk betre til rette i Libya enn i Danmark! Der var me mange utlendingar i lag og me har fått vener for livet der nede.

I ein ikkje kvinnedominert bransje er Halliburton i Noreg eit av dei få selskapa som har ei kvinne som øvste leder ved Jorunn Sætre som administrerande direktør.
- Me har hatt eit miljø i leiargruppa der me har jobba godt i lag i mange år. For meg går skiljet mellom ein god og ein dårleg sjef, og me er heldige som har ein god sjef i Jorunn, seier Bjordal.

Korleis ser HMS-utfordringane ut frå din plass i bransjen?
- Eg trivst godt i denne bransjen, men me har også mange utfordringar som serviceselskap. Det er ei lagdeling i industrien, så det å ta vare på interessa til kontraktørane, er svært viktig. Det har skjedd ei rekke positive ting i industrien gjennom arbeidet i Samarbeid for Sikkerheit (SfS). Dette gjeld spesielt innføringa av eins praksis i næringa for Sikker Jobb Analyser (SJA) og for Arbeidstillatelser (AT).

- Nye aktørar i bransjen - også på operatørsida - gjer at det er viktig å få etablert felles praksis på ei rekke sentrale område som til dømes SJA og AT. Det er nå mange fleire operatørar som me entreprenørar må innrette oss etter. Det er viktig at styresmaktene gjer sitt til å læra opp dei nye slik at dei ikkje blindt tar med seg det dei kan frå utlandet.

- På flyteriggane til dømes er det mange folk frå leverandørane og relativt få frå operatørane. Me har to, tre eller fire av våre folk på kvar rigg med totalt sju hundre offshoretilsette som alle må innrette seg etter ei rekke ulike sikkerheitssystem. Dei er prisgitt dei systema som er etablert av operatørane eller av boreentreprenørane. Dei tilsette i leverandørindustrien er ofte ute på ein enkelt tur på ein ny rigg med mykje ny informasjon og nye system og rutinar å som dei må rette seg etter. Dei er også ofte dei som skal utføre høgrisikojobbane. Derfor er det særs viktig å standardisere prosedyrar og rutinar for sikre operasjonar for heile industrien.

- Det å fokusera på opplæring før ein skal reise ut på eit oppdrag, er særs viktig. Me må tenkje nytt om kva opplæring me skal gje før utreise og kva informasjon og introduksjon dei tilsette skal få nå dei kjem ut på riggane, sluttar Audun Bjordal av samtalen - kor me elles har snakka om logistikk som den største sikkerheitsutfordringa i Libya med laus sand kor biler kan bli ståande fast etter korte opphald og med ein varme på 55 grader Celsius. Me har snakka om ein aktiv familie kor ektefellen arbeider med framandkulturelle problemstillingar i PP- tenesta, men aller mest om operatørane som set premissane for HMS også for dei tilsette hos entreprenørane i industrien.