Gå til hovedinnhold

Tilsyn med undervassanlegg og røyrleidningar på Skarv

Tilsyn: Petroleumstilsynet (Ptil) har ført tilsyn med BP Norge AS (BPN) si styring av prosjektering av røyrleidningar og prosjektering og fabrikasjon av undervassanlegg i Skarvprosjektet. Det vart ikkje identifisert avvik under tilsynet.


Tilsynsaktiviteten vart gjennomført etter følgjande plan:

  1. Opningsmøte med BP Skarvprosjektet hjå Aker Solutions på Lysaker 26.6.2008.
  2. Møte, samtalar og verifikasjonar hjå leverandøren Vetcogray og underleverandør BiFab (Burntisland Fabrication Ltd.) i Skottland (Burntisland) 8. og 9. juli 2008.

Oppsummeringsmøte var på Burntisland 9. juli 2008.

Skarv
Skarv ligg om lag 35 kilometer sørvest av Nornefeltet i nordre del av Norskehavet. Utbygginga er ei samordning av forekomstane 6507/5-1 Skarv og 6507/3-3 Idun. Havdjupet i området er mellom 350 og 450 meter.

Lokasjonskart

Utbyggingsløysinga er ei flytande produksjonsinnretning (FPSO) knytt opp mot fem brønnrammer på havbotnen.

Bakgrunn for tilsynet
Ei sentral prioritering for vår HMS-oppfølging er å sjå til at aktørane følgjer opp den tekniske tilstanden til innretningane. I denne samanhengen er det viktig med god oppfølging i utformingsfasen og fabrikasjonen for å avdekkje mogelege svakheiter som kan få konsekvensar i driftsfasen.

Under vår behandling av Plan for utbygging og drift (PUD) for Skarvfeltet vart det identifisert fleire område for oppfølging av utbyggingsprosjektet. Prosjektet har mellom anna utfordringar knytte til undervassanlegg og materialval. Det har mange grenseflater, og styring av leverandørar og aktivitetar er såleis utfordrande.

Målet med tilsynet
Målet med tilsynet var å følgje opp om fabrikasjonen vart planlagd og gjennomførd etter gjeldande regelverk og anerkjende normer.

Det var dessutan eit mål å verifisere operatøren sitt system for oppfølging av leverandørar og sjå til at styringssystema sikra erfaringsoverføring til og frå prosjektet.
 
Resultat av tilsynet
Generelt har vi eit godt inntrykk av styring og gjennomføring av aktivitetar knytte til fabrikasjonen av undervassanlegga.

Det vart ikkje identifisert avvik under tilsynet, men vi avdekte fem område med potensial for forbetring. Desse områda var fabrikasjonsoppfølging; avviksbehandling; fornying av sveisesertifikat; dokumentstyring og oppfølging av underleverandørar.

Mike Theiss, Sjefingeniør
E-post: michael.theiss@ptil.no |