Gå til hovedinnhold

Tilsyn med prosjektering av røyrleidning frå Troll A til Kollsnes

Tilsyn: Petroleumstilsynet (Ptil) har i perioden 18.-19. mars 2009, ført tilsyn med StatoilHydro si styring av prosjekteringa av P12-røyrleidningen frå Troll A til Kollsnes og med leverandør av prosjekteringstenester (Reinertsen AS).


Tilsynet vart gjennomført hjå Reinertsen AS i Trondheim etter følgjande plan:

  • Oppstartsmøte med StatoilHydro og Reinertsen onsdag 18. mars  med presentasjon av tilsynet.
  • Møte, samtalar og verifikasjonar onsdag 18. og torsdag 19. mars.
  • Oppsummeringsmøte torsdag 19. mars.

Bakgrunn for tilsynet
Petroleumstilsynet skal leggje premissar for og følgje opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå med omsyn til helse, miljø og tryggleik, slik at risikoen for storulykker, uønskte hendingar og arbeidsrelaterte skadar og sjukdommar vert redusert.

Ei sentral prioritering for vår HMS-oppfølging er at aktørane følgjer opp den tekniske tilstanden til innretningane. I denne samanhengen er det viktig med god oppfølging i prosjekteringsfasen for å avdekkje mogelege veike sider  som kan få konsekvensar i driftsfasen.

Vidare er oppfølging av modifikasjonsprosjekt og oppfølging av risikostyring og -handtering prioritert.

Nokre viktige forhold i gjennomføringa av prosjektet er

  • installering av røyrleidning parallelt med eksisterande røyrleidningar i drift (P10 og P11 m.m.) og oppkopling til anlegg i drift (Troll A og Kollsnes),
  • kapasitet og kompetanse internt og hjå leverandørar,
  • designoptimalisering,
  • sikring av at ein nyttar prosjekterings-, installerings- og driftserfaringar frå P10 og P11,
  • etterleving av styrande dokument internt og hjå leverandørar.

Formål med tilsynet
Formålet med tilsynet var å følgje opp at prosjekteringa vert planlagd og gjennomførd i samsvar med gjeldande regelverk og anerkjente normer.

Vi ville og verifisere operatøren (StatoilHydro) si oppfølging av leverandøren av ingeniørtenester (Reinertsen) med vekt på korleis

  • StatoilHydro og Reinertsen definerer strygleikskritiske element i prosjektet,
  • kompetanse og kvalitet hjå leverandør og eventuelt underleverandørar blir følgde opp,
  • ein nyttar positive og negative erfaringar til læring og forbetring.

Resultat av tilsynet
Tilsynet kom på eit tidleg tidspunkt i gjennomføringa av prosjektet. Gjennom tilsynet vart vi informerte om prosjektorganisasjonane til Reinertsen og StatoilHydro. Ut  frå presentasjonar og samtalar var inntrykket at det var rom for forbetring med omsyn til flyten av informasjon og kunnskapen om prosjektet sitt styringssystem.

Det er viktig at StatoilHydro har ei god oppfølging internt og av sine underleverandørar. Det er og viktig at sentrale prosjektdeltakarar i prosjektet er godt oppdaterte i ein tidleg fase, har god innsikt i styringssystem og kvalitetsplanar og veit kva som skal leverast til ulike tider.

Det vart påvist eit avvik som gjaldt dokumenthandteringa i StatoilHydro.

Vi har og funne fem område med potensial for forbetring. Desse områda er oppfølging av kvalitetsplan, kompetansestyring, organisasjonskart, verifikasjonsplan og framstilling av stillingsinnhald.

Mike Theiss, Sjefingeniør
E-post: michael.theiss@ptil.no |