Gå til hovedinnhold

Tilsyn med drift av røyrleidningar, undervassanlegg og landanlegg - Hammerfest LNG

Tilsyn: Petroleumstilsynet (Ptil) har ført tilsyn med drift av røyrleidningar og undervassanlegg, og med integrasjonen med Hammerfest LNG. Det vart identifisert eitt avvik under tilsynet.


Tilsynet vart ført hjå StatoilHydro på Melkøya etter følgjande plan:

  • Oppstartsmøte onsdag 24. juni 2009 med presentasjon av tilsynet
  • Møte, samtalar og verifikasjonar onsdag 24. og torsdag 25. juni 2009
  • Oppsummeringsmøte torsdag 25. juni 2009

Bakgrunn for tilsynet
Petroleumstilsynet skal leggje premissar for og følgje opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå på helse, miljø og sikkerheit  slik at risikoen for storulykker, uønskte hendingar og arbeidsrelaterte skadar og sjukdomar blir redusert.

Sentrale prioriteringar for vår HMS-oppfølging er å sjå til at aktørane følgjer opp den tekniske tilstanden til innretningane og erfaringsoverføring aktørane imellom.

Formål med tilsynet
Formålet med tilsynet var å følgje opp at drift av undervassanlegg og røyrleidningar er i samsvar med gjeldande regelverk og anerkjende normer.

Vidare var det eit mål å sjå til at styringssystema bidrar til at rett kompetanse blir involvert til rett tid, og at kommunikasjonen med tilgrensande fagdisiplinar er tilfredsstillande.

Resultat av tilsynet
Det vart identifisert eitt avvik under tilsynet: Ansvar og myndigheit  er ikkje klart definerte.

Vi avdekte og eit område med potensial for forbetring innanfor krav til kompetanse.

Mike Theiss, Sjefingeniør
E-post: michael.theiss@ptil.no |