Gå til hovedinnhold

Tilsyn med bruk av ny teknologi og utfordringar med radioaktive kjelder i bore- og brønnoperasjonar

Petroleumstilsynet (Ptil) og Statens strålevern (NRPA) har ført tilsyn med Schlumberger Norge AS, Baker Hughes Norge AS og Halliburton AS sin bruk av ny teknologi og utfordringar med radioaktive kjelder i bore- og brønnoperasjonar.


Tilsynet vart ført i mars månad. Det omfatta presentasjonar, samtalar med sentrale personar og verifikasjonar i verkstadområdet.

Bakgrunn for tilsynet
I tidligare tilsyn i perioden 1999-2003 erfarte me at selskapa hadde utfordringar ved bruk av radioaktive kjelder. Utfordringane gjaldt HMS-tiltak ved bruk og handtering av radioaktive kjelder og bruk av ny teknologi.

Målet med tilsynet
Målet med tilsynet var å verifisera at det er tilstrekkeleg merksemd rundt HMS-forhold ved handsaming av radioaktive kjelder. Det var ynskjeleg å verifisera at brønnserviceselskapa oppfylte gjeldande forskrifter, krav frå operatørselskapa og selskapsinterne prosedyrar ved bruk og oppbevaring av radioaktive kjelder.

I tillegg var det eit mål å få kartlagt status som følgje av tidligare tilsyn, og på den måten oppretthalda prioriteringa av ny teknologi i tilknyting til brønnlogging med radioaktive kjelder.

Resultat av tilsynet
Det er vårt inntrykk at selskapa har eit omfattande styringssystem for oppfølging av helse, miljø og tryggleik. Det er også vårt inntrykk at selskapa har god oppfølging av strålingsfare for personell som brukar radioaktive kjelder i arbeidet. Dette utstyret vert brukt under innsamling av formasjonsdata i brønnar.

Denne typen leverandørtenester krev høg kompetanse og spesialisering. Samtidig er det ei utfordring at eksisterande målemetodar inneber radioaktiv korttidseksponering av personell gjennom bruken av uskjerma kjeldeoverføring. Denne praksisen har endra seg lite dei siste åra.

Det er likevel gjort store framskritt i samband med innføring av nye metodar for måling av formasjonen. Det er teke i bruk alternativ teknologi for å utfasa radioaktive kjelder, men førebels er bruken avgrensa sidan utstyret ikkje er robust nok. Graden av aksept, etterspurnad og kunnskap er heller ikkje høg nok blant brukarane i petroleumsnæringa.

Rapporten kapittel fem omhandlar forbetringspunkt i tilknyting til følgjande forhold:

Halliburton AS

• Hendingsoppfylging
• Ny teknologi
• Strålevern
• Kompetanse og kapasitet
• Kjeldeaktivitet

Baker Hughes Norge AS

• Kvalitetsstyring
• Registrering av hendingar
• Logistikk
• Ny teknologi
• Strålevern

Schlumberger Norge AS

• Kvalitetsstyring
• Logistikk
• Ny teknologi
• Strålevern
• Kompetanse og kapasitet

Mike Theiss, Sjefingeniør
E-post: michael.theiss@ptil.no |