Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga levetid for Snorre B

Vi har gjeve Equinor Energy AS (Equinor) samtykke til bruk av Snorre B utover opprinneleg levetid.


For å kunna utvinna dei resterande reservane i Snorrefeltet har Equinor søkt om samtykke til bruk av Snorre B-innretninga fram til 2040. Dette er ei halvt nedsenkbar integrert bore-, prosess- og bustadinnretning som produserer olje og gass frå den nordlege delen av feltet. Snorre B starta produksjonen i 2001 og det noverande samtykke til bruk gjeld fram til 2021.

Vi har no gjeve Equinor samtykke til bruk av Snorre B med tilhøyrande røyr, stigerøyr og undervasstrukturar til 31.12.2040.

Samtykket blir blant anna gjeve på bakgrunn av dokumentasjonen som er sendt inn i forbindelse med søknaden, tilsynsaktivitetar og møter.

Snorre
Snorrefeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-350 meter. Snorre vart påvist i 1979, og plan for utbygging og drift (PUD) av første fase (med utbygging av blant anna Snorre A-innretninga) vart godkjend i 1988. PUD for Snorre B-innretninga og utvinning av den nordlege delen av feltet vart godkjend av styresmaktene i 1998.

Rettshavarane i Snorrefeltet er no i gang med eit omfattande arbeid for å forlenga produksjonen frå feltet. Prosjektet omfattar blant anna havbotnutbyggjing, oppgradering av Snorre A-innretninga og auka gassinjeksjon, som skal sikra den vidare produksjonen frå feltet.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77