Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Askeladden

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare innretninga Askeladden for boreaktivitetar på Gullfaks Sør-feltet (Gullfaks satellittar).


Statoil har fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Askeladden til brønnaktivitetar på Gullfaks Sør-feltet (Gullfaks satellittar).

Gullfaks satellittar er ei vanleg fellesnemning for havbotnutbyggingane på Gullfaks Sør.

Gullfaks Sør er eit olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen og ligg sør for Gullfaks. Feltet omfattar førekomstane Gullfaks Sør, Gullveig, Rimfaks, Rimfaksdalen og Skinfaks, og er bygt ut med i alt 13 havbotnbrønnrammer som er kopla til Gullfaks A- og Gullfaks C-innretningane.

Produksjonen starta i 1998. Havdjupna i området er 130-220 meter.

Samtykket som no er gitt, omfattar boring, sidestegsboring, komplettering, rekomplettering, plugging og brønnintervensjonar på Gullfaks Sør.

Planlagt borestart er oktober/november 2017. Samtykket gjeld fram til november 2025.

Askeladden er ei oppjekkbar boreinnretning av typen Cat J. Ho er eigd av utvinningsløyve 050 (Gullfaks), kor Statoil er operatør. Driftsentreprenør for innretninga er KCA Deutag Drilling Norge.

Askeladden var bygt av Samsung i Sør-Korea i 2017, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL. Askeladden fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2017. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77