Gå til hovedinnhold

RNNP spørjeskjemaundersøking - vi vil høyre di meining!

I perioden 16. oktober til 26. november 2017 gjennomfører Ptil ei spørjeskjemaundersøking i regi av Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP). Vi håper flest mogleg av de som arbeider offshore og på landanlegga tar dykk tid til å svare på undersøkinga!


Spørjeskjemaundersøkinga varar frå 16. oktober til 26. november 2017 – og omfattar alle som kjem på ei offshoreinnretning og alle som arbeider innanfor gjerdene på eit av dei åtte landanlegga under Petroleumstilsynet sitt myndigheitsområde, uavhengig av kor ein er tilsett eller lengda på oppdraget.

Vi håper flest mogleg tek seg tid til å svara på undersøkinga!

Korleis svare?
Spørjeskjemaet skal være tilgjengeleg når du kjem offshore eller på landanlegget. Du kan svare enten på papirskjemaet eller på internett. Framgangsmåten finn du i spørjeskjemaet.

Kva er formålet?
Spørjeskjemaundersøkinga blir gjennomført anna kvart år, og er ein del av kartleggingsarbeidet «Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet» (RNNP), kor ein måler utviklinga i risikonivået i verksemda.

Formålet med spørjeskjemaundersøkinga er å måle korleis dei tilsette opplever arbeidsmiljø og sikkerheit i norsk petroleumsverksemd og kartleggje forhold som har betydning for variasjon mellom grupper og i utvikling over tid.

Arbeidet med RNNP vert leia av Petroleumstilsynet og blir gjennomført i nært samarbeid med dei tilsette og industrien sine organisasjonar i Sikkerhetsforum.