Gå til hovedinnhold

Rapport: Hendingar og feilmoder knytt til bundne fleksible røyr og slangar

Ny studie utført på oppdrag frå Ptil gir oppdatert kunnskap om erfaringar med hendingar og feilmoder knytt til bundne fleksible røyr og slangar.


Fleksible røyr som blir brukt i petroleumsverksemda er bygt opp av fleire lag med stål og plastmateriale, slik at dei er tette og sterke.

Det finnest to ulike hovudprinsipp for tverrsnittoppbygginga, såkalla bundne røyr (engelsk: bonded), der laga er integrerte ved hjelp av vulkanisering, og ubundne røyr (engelsk: unbonded eller nonbonded), der laga kan gli i forhold til kvarandre.

Hendingar dei seinare åra knytt til fleksible røyr/slangar på norsk sokkel viser at det er eit behov for oppdatert kunnskap om bundne fleksible røyr og slangar.

Selskapet 4Subsea har på oppdrag for Ptil gjennomført ein studie som gir ein oversikt over erfaringar med hendingar og feilmoder knytt til bundne fleksible røyr og slangar.

I gjennomgangen har 4Subsea konsentrert seg om design, planlegging, drift, inspeksjon og vedlikehald og korleis ein sikrar tilstrekkeleg dokumentasjon og nyttiggjer seg den informasjonen for å operere fleksible røyr og slangar på ein mest mogleg sikker og påliteleg måte.

Arbeidet har omfatta følgjande tema:

Rapporten er basert på erfaringar frå norsk petroleumsverksemd og internasjonale erfaringar. I gjennomføringa har ei rekke materialteknologimiljø, produsentar, leverandørar og brukarar bidrege. Tidlegare har Ptil utført følgjande arbeid relatert til fleksible røyrleidningar og stigerøyr:

Målet med studien er å bidra til at oppdatert kunnskap om fleksible røyr og slangar blir gjort tilgjengeleg og klargjere utfordringar som næringa må ta inn over seg ved bruk av fleksible røyr og slangar.

Studien er berre tilgjengeleg på engelsk.