Gå til hovedinnhold

Historisk hjelpeavtale mellom OD og Sjøfartsdirektoratet

Oljedirektoratet (OD) og Sjøfartsdirektoratet (Sdir) har inngått ein fagleg hjelpeavtale i tilsynet med petroleumsverksemda. Eit nærare samarbeid vil kunne få positive verknader i arbeidet med å auka tryggleiken på innretningane på norsk sokkel.


Avtalen blei signert 22.oktober av oljedirektør Gunnar Berge og sjøfartsdirektør Rune Teisrud.

Hjelpeavtalen er ei formalisering av ein årelang praksis der OD har søkt Sdir si sakkyndige bistand innan område der OD sjølv ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. Desse områda er mellom anna forankring, stabilitet, vasstett/vêrtett integritet og ballastsystem.

Avtalen som no er inngått mellom OD og Sdir, opnar for meir bruk av slik hjelp. Dette gjer det mogleg at den kompetanse som Sdir har, kan trekkjast inn i endå større grad. Avtalen gjeld fagleg hjelp for både flyttbare og faste innretningar

I tillegg omtalar hjelpeavtalen gjensidig informasjonsplikt på område som regelverksarbeid og vedtak det er lagt vekt på. Etatane skal og utveksla relevant informasjon om forhold som for eksempel endringar i dei respektive tilsynsordningane, unormale hendingar og andre faglege/tekniske forhold som er viktig for tryggleiken.

OD og Sdir har tidlegare skrive under på ein samarbeidsavtale som gjeld utskriving av Samsvarsfråsegn (SUT) for flyttbare boreinnretningar.

Kontaktperson OD:
Eldbjørg Vaage Melberg
Informasjonsrådgiver