Gå til hovedinnhold

Frå golvvask til fagleg oppvask

Roy Erling Furre er realisten som tok ein snart 26 år lang pause frå skulegangen for å jobbe med HMS i forpleiningsbransjen offshore. Nå er han 2. nestleiar i SAFE og medlem av Sikkerheitsforum.


  • PS: OFS endret navn til SAFE i 2005 - etter at dette intervjuet ble publisert. Derfor refereres det til "OFS" i denne artikkelen.

    2. nestleiar - kvifor ein slik tittel?
    - I OFS har me to nestleiarar - den eine er ansvarlig for tariff og den andre HMS. Eg begynte i OFS som tariff- og organisasjonssekretær i 1996. Frå 2000 har eg jobba med HMS på heiltid. Eg begynte som hovedvernombud (HVO) for Eurest i 1993 og har vore HVO i ei rekke arbeidsmiljøutval (AMU) i industrien og i fleire koordinerande AMU.

    Kva med ditt engasjement i Sikkerheitsforum?
    - For oss er dette ein av dei viktigaste arenaene for kommunikasjon med alle partane i næringa. Både for å komme fram med eigne synspunkt, komme i dialog og for å få fram motsetningane, - men også for å få og gi informasjon. Det er viktig for oss som fagforeining å kunne kommentere på rapportar og produkt og komme med innspel i prosessar spesielt rundt stortingsmeldingar og prosjekt som blir gjennomført mellom partane og i eit trepartssamarbeid.

    Roy Erling Furre, OFS
    - Då eg landa første gang ute var det ingen som tok imot
    meg - ingen informasjon. Eg lette lenge etter stuertens
    kontor, til slutt fann eg han. Han satt og la kabal ...
    Roy Erling Furre, OFS
    ... - Han tok meg med til ein dansk kokk, med sneip i
    munnviken - det heile var litt sånn "Billy og sersjanten".
    Han fann ei bøtte og ein kost, nikka med hovudet og sa:
    "Vask!". Heile introduksjonskurset mitt offshore besto
    av det eine ordet - vask!
    Kva ser du som dei viktigaste HMS-utfordringane framover?
    - Det snevre atferdsbaserte fokuset som me ser i dag i industrien på HMS-utfordringar, betyr at industrien mister fokus på ei rekke andre viktige forhold. Dette gjeld spesielt ikkje-målbare arbeidsmiljøforhold som gir langsiktige belastningar og helsesvikt som forhold knyta til ergonomi, psykososialt arbeidsmiljø og kjemisk helsefare. Dette betyr mykje meir for dei som blir ramma. Ei flis i fingeren er ein bagatell mot det å få kreft.

    Elles er storulykkesperspektivet uhyre viktig - eit område som har fått fokus gjennom Ptil sitt risikonivåprosjekt. Dette prosjektet hjelper til å halde fokus og til å etablere eit utgangspunkt for å følgje med på eit område som krev meir innsats.

    Sikkerheitsforum er ein viktig arena for å få etablert denne type prosjekt og for å få i stand forpliktande samarbeid. Samtidig, når det er sagt, så er det mange av dei store selskapa som er ganske fastlåste i sitt HMS-syn. Deira "world-wide-fokus" - tar faktisk fokus frå mange viktige prosessar - og fører til ei "amerikanifisering" på viktige område - noko som gjer sitt til at HMS-fokuset blir svært snevert.

    Korleis ser du på at landdelen og deira organisasjonar nå er inne i Sikkerheitsforum?
    - Spennande. Håper me kan få til eit løft på landsida. Eg vil tru at ein del av metodikken som er brukt i tilsynet med oppfølginga av petroleumsindustrien til havs og som blant anna er nytta ved granskingar, - kan smitte over og føre til nytt fokus i landbasert industri. Men eg har ikkje erfaring frå landanlegg og derfor skal det bli spennande å få vite kor skoen verkelig trykkjer her. Eg ser også fram til å lære frå denne kanten.

    Roy Erling Furre er fødd i Sortland, Vesterålen, men vaks opp på Stord.
    -
    Det er herfrå eg har dialekten. Det blei artium på reallinja før eg begynte på kjemilinja på ingeniørhøgskulen i Bergen. Eg hoppa av før eksamen siste året. Hadde tenkt å ta ein pause i 1979.

    Denne "pausen", som begynte med ein helikoptertur til Ekofisk Bravo den 16. mai 1979, - skulle altså bli til snart 26 års fartstid i industrien - og av desse - 10 år i OFS.

    Du var tidleg ute - korleis var forholda offshore på den tida du byrja i forpleiningsbransjen?
    - Ja, eg var berre 21 år gammal, og det var enormt primitivt. Då eg landa første gang ute var det ingen som tok imot meg - ingen informasjon. Eg lette lenge etter stuertens kontor, til slutt fann eg han. Han satt og la kabal! Han tok meg med til ein dansk kokk, med sneip i munnviken - det heile var litt sånn "Billy og sersjanten". Han fann ei bøtte og ein kost, nikka med hovudet og sa: "Vask!". Heile introduksjonskurset mitt offshore besto av det eine ordet - vask! Kanskje meir tragisk enn morsomt - eller begge deler - seier Roy og ler godt og føyer til "Eg begynte på golvplanet - bokstaveleg talt!"

    - Eg las ein del fag ute, - men gjekk inn i fagforeiningsarbeid i staden for å halde fram med studeringa.

    Av idealisme?
    - Eg vil kanskje ikkje kalla det for idealisme, eg blei vel rett og slett oppslukt. Eg tenkte da, som nå, fordi eg syntes det var viktig å hjelpe til, at "nå er det min tur til å ta i eit tak".

    Blir det tid til meir enn HMS-arbeid på deg?
    - Eg har ungar på Stord, kjæraste i Oslo og jobb i Stavanger - så eg har nok å bruke tida på. Elles spelar eg klassisk gitar - og det har eg gjort ganske lenge - og er ganske stolt av det! Det blir mindre av dei fritidssyslane som eg hadde i ungdomstida. Da var eg mellom anna leiar i Stord Sjakklubb og i Stord trylleklubb!

    Det med trylling høyrest eksotisk ut! Kva ville du ha trylla fram om du kunne gjort det i dag?
    - Det måtte vel blitt eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i alle ender av næringa - sluttar Roy Erling, som det engasjerte HMS-menneske han er.