Gå til hovedinnhold

Forvaltning av tryggleik og arbeidsmiljø på sokkelen

Denne orienteringa er meint for alle som ønskjer å få kjennskap til forvaltninga vår av tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen.


Ei kort innføring

Føreord

Denne orienteringa er meint for alle som ønskjer å få kjennskap til forvaltninga vår av tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen. Vi har forklart nokre av dei nemningane vi bruker, fortalt litt om det regelverket som gjeld for petroleumsverksemda, og skrive kort om det tilsynet som vi fører med aktivitetane. På denne måten håper vi at interesserte skal få eit godt bilete av det vi driv på med.

FORVALTNING

Oljedirektoratet

Oljedirektoratet skal medverka til at dei norske petroleumsressursane vert forvalta på ein god og trygg måte. Direktoratet set rammer for petroleumsverksemda og fører tilsyn med at regelverket vert følgt, slik at tryggleiken og arbeidsmiljøet på sokkelen vert fullt forsvarleg.

Sjølve området tryggleik og arbeidsmiljø ligg under Arbeids- og administrasjonsdepartementet (frå 1.4.01), men Oljedirektoratet er delegert tilsynet med dette området i petroleumsverksemda på sokkelen.

ANSVAR

Alle som driv med eller tek del i petroleumsverksemda, pliktar å retta seg etter regelverket. Rettshavaren/operatøren har eit særskilt ansvar.

Rettshavaren/operatøren har eit særskilt ansvar

Alle som driv med petroleumsaktivitet på sokkelen, har sjølv ansvaret for at eigne aktivitetar vert utførte etter regelverket, men rettshavaren/operatøren har eit særskilt ansvar for at så vert gjort. Han må òg sjå til at dei som utfører arbeid for han, gjer det i samsvar med dei reglane som gjeld.

Ein rettshavar er eit selskap som har fått løyve til å driva med undersøking, utvinning*, røyrleidningstransport eller utnytting på kontinentalsokkelen.

*Utvinning er produksjon av petroleum, inkludert boring av utvinningsbrønnar, injisering, assistert utvinning, behandling og lagring av petroleum for transport, og avskipning av petroleum for transport med skip. Dessutan bygging, plassering, drift og bruk av innretningar for slik utvinning.

Etter tildeling av eit utvinningsløyve* vert det peika ut eit selskap/ein operatør som skal stå for den daglege leiinga av petroleumsverksemda på vegner av rettshavarane. Dette selskapet er normalt ein rettshavar, og det har alltid dei same pliktene etter regelverket som han.

*Eit utvinningsløyve gjev einerett til undersøking, leiteboring og utvinning av petroleum på eit avgrensa område. Rettshavaren/operatøren vert eigar av den petroleumen som vert produsert.

(Eit utvinningsløyve vert ofte feil omtalt som "lisens" eller "konsesjon")

STYRINGSSYSTEM

Krav om styringssystem

Alle som har ansvar for aktivitetar i petroleumsverksemda, pliktar å sjå til at regelverket vert følgt. Dei må difor setja i verk systematiske tiltak som tek hand om den plikta, og vanlegvis gjer dei det ved hjelp av eit styringssystem (her organisasjon, prosedyrar, prosessar og ressursar som er nødvendige for å oppfylla dei krava som gjeld).

Det særskilte ansvaret som rettshavaren har, inneber ei plikt til å ha eit slikt styringssystem i eigen organisasjon. Han pliktar å ha eit slikt system for å kunna kontrollera og vera sikker på at hans eigne aktivitetar, og det arbeidet som andre utfører for han, er i samsvar med regelverket.

Prinsippet om ei slik systematisk styring og gjennomføring av eigne aktivitetar ligg til grunn for forvaltninga vår av tryggleik og arbeidsmiljø, og det pregar difor regelverket vårt og vår måte å føra tilsyn på.

LOVER OG FORSKRIFTER

Regelverket for petroleumsverksemda på sokkelen omfattar lover, forskrifter og rettleiingar, og det gjeld for alle som tek del.

Sentrale lover

Petroleumslova, arbeidsmiljølova og forureiningslova er særs viktige lover for verksemda på sokkelen.

Petroleumslova er om all verksemd som er knytt til undersjøiske petroleumsførekomstar, inkludert undersøking, leiteboring, utvinning, transport, utnytting og avslutning, og dessutan planlegging av slike aktivitetar. Lova gjeld for alle som driv med slik verksemd.

Denne verksemda skal vera fullt forsvarleg, og ho skal ta nødvendige omsyn til tryggleiken for personell og miljø, og til dei økonomiske verdiane som innretningar og farty representerer, inkludert produksjons- og transportregularitet.

Arbeidsmiljølova skal sikra at arbeidsmiljøet ikkje gjev arbeidstakaren fysiske og psykiske skadar, og at arbeidssituasjonen er meiningsfull for den einskilde.

Visse delar av lova gjeld ikkje for petroleumsverksemda. Det er til dømes gjeve særreglar om arbeidstid på sokkelen.

Forureiningslova skal sikra ein forsvarleg miljøkvalitet for alle, slik at forureining og avfall ikkje gjer skade på naturen, går ut over trivselen eller fører til helseskade.

Overordna forskrifter

Forskrift om tryggleik, forskrift om styringssystem og forskrift om arbeidsmiljø er fastsette ved såkalla kongeleg resolusjon og vert rekna som overordna forskrifter.

Forskrifta om tryggleik har som føremål å etablera og halda ved like eit høgt tryggleiksnivå, og utvikla det vidare ved hjelp av styringssystemet.

Forskrifta har reglar om styring (rettshavaren skal mellom anna ha eigne mål for og krav til tryggleik), dokumentasjon (rettshavaren skal kunna dokumentera/stadfesta at petroleumsverksemda vert gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte), samtykke, og visse tekniske og operasjonelle forhold.

Merk elles tryggleikskravet om at norsk språk skal brukast i størst mogeleg grad.

Forskrifta om styringssystem stiller krav om at rettshavaren skal setja i verk systematiske tiltak i eigen organisasjon, slik at han sjølv kan vera sikker på at eigne aktivitetar, og dei som andre utfører for han, er i samsvar med regelverket.

Styringssystemet skal syta for god styring i og mellom dei ulike aktivitetane og fasane i petroleumsverksemda, og det skal særleg vera tilpassa forhold som er viktige for tryggleik og arbeidsmiljø, og for vern av det ytre miljøet.

Forskrifta om arbeidsmiljø fortel korleis og kvar arbeidsmiljølova skal brukast i petroleumsverksemda på sokkelen. På somme område har forskrifta særreglar i høve til lova; til dømes reglane om arbeidstidsordningar og opphaldsperiodar.

Oljedirektoratet har og ei forskrift om systematisk oppfølging av arbeidsmiljøet i petroleumsverksemda. Forskrifta har mellom anna føresegner om førebyggjande verne- og miljøarbeid, og om arbeidsgjevar og arbeidstakar si aktive deltaking i dette arbeidet.

Systemforskrifter

Forskrift om risikoanalysar og forskrift om beredskap vert gjerne kalla systemforskrifter fordi dei handlar om systematiske framgangsmåtar/analysar - som skal medverka til eit høgt tryggleiksnivå.

Forskrifta om risikoanalysar stiller krav om gjennomføring og bruk av risikoanalysar. Risiko uttrykkjer her kor sannsynleg det er at ei ulykke skjer, òg følgjene av denne ulykka.

Risikoanalysane vert brukte for å koma fram til ulykker som kan skje (ein kartlegg risikoen), for at ein så skal redusera risikoen gjennom å førebyggja dei mogelege ulykkene.

Av førebyggjande tiltak som reduserer risikoen, skal ein prioritera tiltak som reduserer sannsynet for at ulykker skjer, framfor tiltak som reduserer følgjene av dei.

Forskrifta krev at operatøren skal setja mål for tryggleiken, og ved hjelp av eigne kriterie må han difor koma fram til det risikonivået som han kan akseptera - sett på bakgrunn av det tryggleiksnivået (normen) som regelverket står for.

Resultat frå risikoanalysar må han så sjå i høve til dette aksepterte risikonivået sitt, for å sjå om han må setja i verk risikoreduserande tiltak for å halda nivået ved lag.

Med andre ord går resultata frå risikoanalysar inn i det grunnlaget som operatøren treng for å sikra at hans tryggleik er i samsvar med regelverket, eigne tryggleiksmål og eigne kriterie for eit akseptabelt risikonivå.

Forskrifta om beredskap stiller krav om å etablera, halda ved like og utvikla beredskap, slik at tryggleiksnivået alltid er fullt forsvarleg.

Operatøren skal gjennomføra ein beredskapsanalyse for å kunna dimensjonera beredskapen ut frå eigne krav til beredskap (jamfør risikoanalyse).

Beredskap er dei tekniske, operasjonelle og organisatoriske tiltaka som skal hindra at ein faresituasjon utviklar seg til ein ulykkessituasjon. I ein ulykkessituasjon skal tiltaka hindra eller redusera skadeverknader.

Tiltak som skal hindra ein ulykkessituasjon, skal alltid prioriterast framfor tiltak som skal redusera følgjene av denne situasjonen.

Arbeidet med beredskap skal integrerast i alle fasar av verksemda. Ein eigen aksjonsplan skal innehalda dei beredskapstiltaka som skal setjast i verk dersom det oppstår ein fare- eller ulykkessituasjon.

Tekniske forskrifter

Vi har i alt tolv tekniske forskrifter som regulerer områda bore- og brønnaktivitetar (og geologisk datainnsamling), bemanna undervassoperasjonar, naturdata, røyrleidningssystem, berande konstruksjonar, prosess- og støtteanlegg, lyfteinnretningar, elektriske anlegg, eksplosjons- og brannvern, tryggleiks- og kommunikasjonssystem, enkle trykkbehaldarar, og merking av innretningar.

FUNKSJONSKRAV

Funksjonskrav i forskriftene

Så langt det er mogeleg, bruker vi funksjonskrav i forskriftene våre; ikkje tradisjonelle detaljkrav.

Eit funksjonskrav stiller krav til kva brukaren av forskrifta skal oppnå, og ikkje til korleis han skal oppnå det. Altså vert ikkje brukaren pålagd å nytta visse (tekniske) løysingar, men må stilla eigne krav til korleis noko skal gjerast når han skal oppfylla eit funksjonskrav. Ei eiga rettleiing til forskrifta gjev nyttige tilleggsopplysningar om kravet.

RETTLEIINGAR

Ikkje juridisk bindande

I og med at eit funksjonskrav inneber ulike måtar å stetta det same kravet på, gjev rettleiingane utfyllande opplysningar om funksjonskrava og gjev døme på løysingar som ligg på eit akseptabelt tryggleiksnivå.

På denne måten seier rettleiingane noko om korleis tryggleiksnormen i forskriftene er å forstå ut frå dagens tekniske og samfunnsmessige utvikling.

Sidan rettleiingane berre gjev døme på korleis brukaren kan stetta eit funksjonskrav, er ikkje rettleiingane bindande juridisk slik som forskriftene er det.

Avvik

Ein brukar kan godt avvika frå dei døma på (tekniske) løysingar som er gjevne i rettleiingane, men han må passa på at avvika ikkje reduserer det tryggleiksnivået (normen) som ligg til grunn for forskriftskrava. Han må altså kunna visa at avvika ikkje går utover tryggleiken, og kan til dømes setja i verk tiltak som skal vega opp for tryggleiksreduserande avvik på ein fullgod måte.

SAMTYKKE

Reglane

Samtykkereglane regulerer petroleumsverksemda gjennom kravet om søknad om samtykke for meir omfattande aktivitetar.

Operatøren skal søkja om samtykke før undersøking, leiteboring, bemanna undervassoperasjonar, bruk av innretningar, større ombygging av eller endra bruksformål for innretningar, disponering eller fjerning/flytting av innretningar, og fjerning av farty som er viktige for tryggleiken.

Denne samtykkeordninga gjev styresmaktene styring med sentrale avgjerder hos rettshavarane/operatørane. Samstundes kan rettshavarar/operatørar og styresmakter bruka erfaringar frå tidlegare når dei skal vurdera og ta stilling til planlagde aktivitetar.

Søknad og behandling

Dei som søkjer om eit samtykke, må gje opplysningar om planlagd petroleumsaktivitet, dei (tekniske) lysingane som er valde, det styringssystemet som det er lagt opp til, eventuelle forskriftsavvik som har innverknad på tryggleiken, og dei tiltaka som eventuelt skal setjast i verk for å vega opp for slike avvik.

Under behandlinga av søknader hentar vi inn sakkunnige vurderingar av søknadene, og/eller vi gjennomfører systemrevisjonar hos søkjarane for å få stadfesta opplysningar som er gjevne oss.

Dersom vi samtykkjer i søknaden, så kan søkjaren/rettshavaren setja i gang så snart han har fått eit skriftleg samtykke, og han må seinare ikkje endra føresetnadene for det utan å informera og samrå seg med Oljedirektoratet. Dersom vi finn at dei opphavlege føresetnadene elles er endra, kan vi krevja at rettshavaren må søkja om nytt samtykke.

TILSYN

Tilsynet med petroleumsverksemda

Samtykkereglane bør sjåast i høve til tilsynet med tryggleiken i petroleumsverksemda. Eit selskap som får samtykke til å driva med petroleumsaktivitetar, får det nemleg under føresetnad av at verksemda er i samsvar med tryggleiksforskrifta og styringssystemforskrifta - fullt forsvarleg, med andre ord.

Før og etter eit samtykke er gjeve, vil våre tilsynsansvarlege undersøkja om rettshavaren/operatøren har det styringssystemet som skal sikra at aktivitetane hans er i samsvar med regelverket, og om dette systemet fungerer som det skal.

Dei undersøkjer altså om føresetnadene for samtykket er eller var til stades; til dømes om det ér slik at faste eller flytande innretningar, utstyr, prosedyrar, personell, forsynings- og transportteneste og beredskap gjev den forsvarlege verksemda som var planlagd gjennomført - òg dokumentert - i søknaden.

I tilsynssamanheng samarbeider vi med andre statsetatar og/eller private institusjonar, men det er Oljedirektoratet som er delegert sjølve tilsynsansvaret for tryggleik og arbeidsmiljø på sokkelen. Difor tek vi òg hand om koordinerande tilsynsoppgåver overfor statsetatar som har eit sjølvstendig kontroll- eller tilsynsansvar.

Systemrevisjonar

Når vi fører tilsyn med petroleumsverksemda, bruker vi som oftast systemrevisjonar. Vi undersøkjer då ein eller fleire aktivitetar hos rettshavarar/operatørar for å sjå om styringssystema deira fungerer på ein tilfredsstillande måte. For dersom dei fungerer, så sikrar dei at aktivitetane deira vert planlagde, organiserte, utførte og haldne ved like slik regelverket stiller krav om.

Revisjonane våre er altså retta mot dei systema som skal sikra at tryggleiken og arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg. Revisjonsgruppa er såleis ute etter korleis rettshavarar eller operatørar har organisert dei ulike sidene ved aktivitetane for å forsikra seg om (som rettshavar/operatør) at tryggleiken og arbeidsmiljøet er forsvarleg, altså at aktivitetane ér etter regelverket, etter eigne prosedyrar, eigne kriterie og eigne krav.

Vi inspiserer vanlegvis ikkje sjølve arbeidet eller aktivitetane, men vi kan godt utføra stikkprøvekontrollar under ein revisjon - dersom det er nødvendig å få stadfesta om eit arbeid eller ein aktivitet er etter dei spesifikasjonane eller prosedyrane som vi har fått oppgjeve.

Den viktige føresetnaden

Det at alle deltakarane i petroleumsverksemda held seg til regelverket, er truleg den viktigaste føresetnaden for eit høgt tryggleiksnivå og eit godt arbeidsmiljø. Rettshavaren sitt styringssystem skal fungera på ein effektiv og god måte. Oljedirektoratet har som hovudansvar å føra tilsyn med nettopp det.