Gå til hovedinnhold

Endringar i rammeforskrifta - i kraft 1. juli

Arbeids- og inkluderingsdepartementet opplyser at Kongen i statsråd har fastsett forskrift om endring i forskrift 31. august 2001 nr. 1061 om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten (rammeforskrifta).

Endringane vart fastsette fredag 26. juni 2009 og trådde i kraft 1. juli 2009. Endringane gjeld §§ 47-53A.

Endringane er i stor grad ei tydeleggjering av når nattarbeid er tillate. I tillegg er reglane om alminneleg arbeidstid og arbeidsfrie periodar tilpassa EUs arbeidstidsdirektiv (2003/88/EF) i nødvendig grad. 
 
I første omgang vil rammeforskrifta på nettstaden vår ikkje ha med nemnde endringar, så ved bruk av §§ 47-53A, må ein bruka lenkjene ovanfor.

Rettleiinga på nettstaden er såleis heller ikkje ferdigstilt med omsyn til desse paragrafane, men sjå merknadene til nye § 53 om nattarbeid.