Gå til hovedinnhold

Eldsjel med mange jern i elda

- Den viktigaste oppgåva er å ta seg av medlemmane sine interesser både av fagleg, juridisk, sikkerheitsmessig og personleg art, seier forbundssekretær i fagforeininga Lederne og medlem av Sikkerheitsforum, Wenche I Sola.


- Ein del av jobben er å vera sjelesørgjar når folk kjem i krisar fordi dei har blitt sagt opp frå jobben eller dei har mista ein i familien eller opplever andre livskrisar. Mange saker er krevjande og vanskelege for dei det gjeld. Det er derfor viktig for meg også å jobba fagleg og politisk for å betra tilhøva for dei tilsette på fleire områder.

Du har eit bredt interessefelt innan HMS-området. Kva er viktigast for deg?
- Eg har mange saker og forhold som eg brenn for, men eg ser på forståinga for HMS-regelverket blant offshoretilsette og leiarar i industrien som svært viktig. Eg har engasjert meg spesielt i dette arbeidet. Mellom anna har eg vore med i OD sitt Eksternt Referanseforum for Regelverksutvikling (ERR) og er nå med i Ptil sitt Regelverksforum. Eg har også vore med i partssamarbeidet for utviklinga av regelverkkompetansen i industrien (RVK) heilt frå starten av. Dette arbeidet er no teke over av BI - der føringane frå det gode partssamarbeidet fortsett. Eg er stolt av det arbeidet som er gjort, og produktet me har fått til her. Me har eit godt regelverk kor folk kjenner seg heime. Det er viktig at me spreiar kunnskapen om det og held sentrale tema varme. Arbeidet med regelverket har vore interessant og givande.

Krevjande problemstillingar som gjeld aldring av dei tilsette og utstøyting frå arbeidslivet av ulike årsaker, er og saker eg brenn for. Eit anna saksfelt eg har engasjert meg tungt i, er områdeberedskapen. Her treng me robuste og gode barrierar, godt beredskapsutstyr og godt samspel mellom beredskapsfartøy og helikopter for å sikra at folk vert henta raskt nok opp av sjøen om ulukka skulle vera ute. På mange innretningar er folk sårbare. Dei har ofte ingen alternativ fluktveg om noko skulle gå galt. Gode redningsdrakter er også viktig for at folk skal kunne halda seg flytande i sjøen og er eit anna viktig område for å få til betre og sikrare løysingar for dei tilsette i industrien.

Wenche I Sola, Lederne
- Krevjande problemstillingar som gjeld aldring av dei
tilsette og utstøyting frå arbeidslivet av ulike årsaker,
er og saker eg brenn for, seier Wenche I Sola.
Du har vore med i Sikkerheitsforum sidan oppstarten?
- Trepartssamarbeidet i Sikkerheitsforum ser eg på som både viktig, nyttig og interessant. Det har vore spesielt kjekt å bidra til den førre og den nye Stortingsmeldinga om helse, miljø og sikkerheit i industrien og i prosessen rundt Sikkerheitsforum si behandling av desse. Den opne høyringa av St melding nr 7 i Stortinget kor alle partane fekk kome til ordet, var ei spesiell og god erfaring.

Eg er likevel litt redd for at utviklinga i trepartssamarbeidet skal ta ei feil retning fordi arbeidsgjevarane ikkje fylgjer spelereglane for involvering av alle på rett måte og til rett tid i alle viktige saker. Informasjonsmøte kan aldri erstatta eit forpliktande trepartssamarbeid.

Kva inneber det å vera forbundssekretær for Leiarane?
- Me har berre eit lite kontor her i Stavanger, så eg må ha ei hand med i det meste. Mange av selskapa driv med nedbemanningar, og det er særleg tøft når folk mistar jobbana sine. Mange veit ikkje korleis dei skal takla tilværet utan jobben og heller ikkje korleis dei skal få fortalt familien at det dei trudde var ein trygg jobb, ikkje lenger finnest. Det er dei tøffaste sakene fordi eg kjenner desse folka så godt og føler for dei.

Eg likar spesielt godt å koma offshore og få snakka med dei tilsette på ulike installasjonar. Eg har intervjua ei mengde folk for å samle kunnskap frå dei som kjenner verksemda i havet. Det er fint å møta folk og interessant å høyra korleis dei har det ute på installasjonane og på arbeid i friperiodane på land. For meg synest det som om det er mange gode arbeidsmiljø som har ein god tone og stor trivsel ute i havet.

Eg er oppteken av kunnskapsbygging og -overføring blant medlemmane våre. Eg har mellom anna jobba med den nye arbeidslivslova og er glad for at Leiarane fekk til nyttige innspel her.

Med stillinga mi følgjer også eit ansvar for å arrangere ulike sokkelkonferansar m.a. - ikkje berre i Noreg, men også i andre land som til dømes på Kreta og i Budapest. Det å laga slike konferansar i utlandet kor me både får driva nettverksbygging blant medlemmane og kunnskapsformidling, der mange også tek med familien, er sosialt givande og kjekt.

Kva var bakgrunnen din for å begynne i Leiarane?
- Eg vart gift og blei mor tidlig og var heime med borna mens dei var små, men kasta meg seinare rundt og tok fatt på studiar på høgskule- og universitetsnivå etter at eg hadde gjennomførd økonomisk gymnas på kveldstid. Næringa kjende eg godt til fordi eg hadde både nær slekt og vener som arbeidde i offshoreindustrien. Eg har difor alltid følt at eg har hatt eit spesielt forhold til folka i denne næringa. Elles har eg vore utleigd til ulike oljeselskap som rekneskapsmedarbeider. Eg søkte og vart tilsett som forbundssekretær i Leiarane i -97. Eg hadde ei brei bakgrunn frå ulikt organisasjonsarbeid både på lokal og fylkesnivå som kom til godt nytte i jobben som forbundssekretær. Det var også svært nyttig her at eg hadde god juridisk bakgrunn med spesialfag i m.a. borerett, petroleumsrett, arbeidsrett og arbeidsmiljørett.

Ut frå medlemsbladet dykkar med reportasjar frå til dømes landsmøtet - ser det ut til å vera ein organisasjon kor det ikkje er så mange kvinner i leiinga?
- Det er nok rett, og eg var den fyste kvinnelege forbundssekretæren i Leiarane. Sjølv så trivst eg godt med å jobba i lag med mannfolk, og den største delen av våre medlemmar er også menn. Sjølvsagt ønskjer me oss fleire kvinnelege medlemmar i forbundet. Men det er endringar undervegs, og i det nye forbundsstyret har me frå 2005 fått inn fleire kvinner i forbundsstyret m.a., der omlag halvparten er av kvart kjønn.

Med eit etternamn som Sola - så høyrest det ut til at du har lokale røter?
- Ja, eg voks opp med sanddyner og marehalm og med blest frå sjøen på ei lita høgd ikkje langt frå Sola Strandhotell med utsikt til hav og skyar. Det var fritt og godt. No bur eg i byen og finn meg godt til rette der - sjølv om eg alltid vil vera knytt til Sola og staden kor eg voks opp. Eg lever likevel i håpet om å få byggja eit hus på tomta heime på Sola.

Eg er oppteken av å ta vare på dialekten og det norske språket. Far min jobba i fleire år på austlandet som malarmeister og både han og dei tilsette som var frå Sola, var alle opptekne av å ta vare på dialekten sin. Far min sa til dømes at han skulle ut å "fjoga" kor eg seier "fyga", medan andre seier "flyga" eller "fly". Språk og dialekt handlar for meg både om identitet og eit ønskje om å ta vare på språk og målføre så dei ikkje døyr ut. I samanhang med jobben, så handlar det like mykje om sikkerheit ved at folk vert trygge og kan gjera ein betre jobb når dei kan snakka, høyra og lesa sitt eige språk.

Vert det noko tid igjen til privatliv og andre interesser når jobben er gjort?
- Det er klart at jobben tek mykje tid, men så har eg ikkje småborn lenger og då er det klart at jobb og fritid glir mykje over i kvarandre. Men eg har alltid vore bredt engasjert. Eg har mellom anna vore deltidsstudent på universitetet og på BI dei siste åra. Eg ser på livet som ein læringsprosess som sikkert vil vara livet ut.

Eg dreiv mykje med sport i ungdomsåra og likte godt både sommar- og vinteridrett. For meg er det ingen ting anna enn lengdeløpskeiser som gjeld - også i dag, sjølv om eg merkar at eg ikkje lenger er tenåring når eg går på glattisen. Då borna vaks opp, fekk eg gleda av å vera både hjelpetrenar og lagsleiar innan fotballen dei fyrste åra av den yngste sonen min sin "fotballkarriere".

Elles er eg sosial og trivst godt i lag med folk. For meg er kunst, musikk, skriving og litteratur - også faglitteratur - viktig. Poesi og metafysikk er også områder kor eg finn glede. Eg likar å ta ut kreative sider hos meg sjølv som maling og glaskunst. Elles er eg så heldig å ha to barnebarn og prøver å føre ein del av dette vidare til desse som også har glede av å lesa og mala, slutter Wenche I Sola av samtalen. Det er enda lenge til arbeidsdagen er slutt i kontora til Leiarane - eller Lederne.