Gå til hovedinnhold

Digitalisering av innrapporteringar til Petroleumstilsynet

Vi arbeider med å digitalisere innrapportering frå næringa til oss.


Skjema for innrapportering av skadar på berande konstruksjonar og røyrleidningssystem (CODAM), jf. styringsforskrifta § 36, er klar til å takast i bruk.

Skjemaet er tilgjengeleg på nettstaden vår under Regelverk > Rapportering/skjema

Fare- og ulykkessituasjonar
I haust vil vi starte arbeidet med skjema for varsling og melding til tilsynsmyndigheitene av fare- og ulykkessituasjonar, jf. styringsforskrifta § 29. Løysinga vil verte utarbeidd i samarbeid med representantar frå næringa.

Arbeidstimar
Vi har også sett i gang eit arbeid med å digitalisere innrapportering av arbeidstimar, jf. styringsforskrifta § 27. Her samarbeider vi med næringa om ei løysing der timane vert henta frå DaWinci og gjort tilgjengelege for oss. Vi kjem tilbake med meir informasjon når desse løysingane er klare.

Vi gjer merksam på at all innrapportering vil gå fram av vår offentlege postjournal (eInnsyn) som før.

Kontaktpersonar
Spørsmål om digitalisering av innrapporteringar kan rettast til
Grete Løland, telefon 51 87 32 90
E-post: Grete-Irene.Loland@ptil.no.

Spørsmål om innrapportering til CODAM kan  rettast til
Eirik Duesten, telefon 51 87 35 37
E-post: Eirik.Duesten@ptil.no.