Gå til hovedinnhold

Brukarundersøking: - Profesjonelle og gode tilsyn

Ptil har gjennomført ei brukarundersøking for å få innsikt i korleis våre revisjonar blir oppfatta av næringa og kva effekt dei har, og for å avdekke forbetringspunkt til seinare tilsyn. Resultatet av undersøkinga er no klar.


I løpet av eit år gjennomfører Ptil ei rekkje tilsyn med aktørane i petroleumsverksemda, og vi vil sjølvsagt at våre revisjonar skal halde høg kvalitet og ha størst mogleg effekt.

På bakgrunn av dette har vi nyleg gjennomført ei brukarundersøking for å få vite meir om korleis våre revisjonar blir oppfatta av næringa, kva effekt dei har og for å sjå om det er ting som kan bli betre til seinare tilsyn.

Undersøkinga konkluderer med at selskapa i all hovudsak meiner at vi gjennomfører tilsyna på våre på ein profesjonell og god måte. Samstundes blir det peika på område kor det er potensiale for forbetring.

Her kan du sjå resultata av undersøkinga.

Vi vil nå ta resultata frå brukarundersøkinga vidare vårt forbetringsarbeid. Vi ønsker óg å få meir informasjon, og har derfor avgjort at vi vil gjennomføre ei tilsvarande undersøking for alle tilsyn i 2019.

Kort om undersøkinga

  • Brukarundersøkinga retta seg mot selskap med gjennomført revisjon i tidsperioden 1. juni til 15 oktober 2018.
  • Totalt vart det sendt ut spørjeskjema til 43 selskap. Svarprosenten var på 79 prosent.
  • Undersøkinga vart gjennomført av konsulentselskapet Ideas2evidence på oppdrag av Ptil.