Gå til hovedinnhold

Abonner på regelverkstolkingar

Abonnement på nyhende og resultat av tilsynet me fører, har me tilbydd lenge. No tilbyr me abonnement på regelverkstolkingar også.


Dersom du registrerer deg som abonnent, vert du varsla om publisering av slike tolkingar på regelverkssida.

Om du registrerer deg for fyrste gong eller ønskjer utvida abonnementet ditt til også å omfatta regelverkstolkingar, klikkar du på lenkja nedanfor og fyller inn namn og e-postadresse. Ein e-post frå oss stadfestar mottak og ber deg velja abonnement.

Om HMS-regelverket
Reguleringa av helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda på sokkelen er eit samarbeid mellom Statens forureiningstilsyn (SFT), Sosial- og helsedirektoratet (SHDIR) og oss. Dette går fram av HMS-regelverket.

Forskriftene som utgjer regelverket, er rammeforskrifta (overordna), styringsforskrifta, opplysningspliktforskrifta, innretningsforskrifta og aktivitetsforskrifta. Det er også utarbeidd rettleiingar til desse forskriftene.

Sjå forskrifter med rettleiingar på regelverkssida, menyval "HMS hierarkisk", mapper "overordnede forskrifter" og "felles forskrifter".

Om tolkingar
Kvar forskriftsparagraf har lenkje til eventuelle tolkingar, men tolkingane kan også lesast samla i mappa "fortolkninger".

Du finn to hovudtypar av tolkingar. Den eine er kopi av likelydande brev og liknande som presiserer eller forklarar regelverket. Den andre er førespurnader der me ser at spørsmål og svar kan vera nyttig for mange.

Tolkingane er normalt berre på norsk.

Kontakt i Petroleumstilsynet:
Hans Spilde, sjefingeniør
E-post: hans.spilde@ptil.no
Telefon: 5187 6124