Gå til hovedinnhold

NSOAF - North Sea Offshore Authorities Forum

Vi deltek i North Sea Offshore Authorities Forum (NSOAF). Alle nordsjølanda sine myndigheiter med tilsynsansvar for petroleumsverksemda til havs er representert her.


NSOAF logo
NSOAF er kort for North Sea Offshore Authorities Forum.

Målet med forumet er å sikre ein kontinuerlig forbetring av helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda i Nordsjøen. NSOAF vart etablert i 1989.

Forumet består av myndigheiter fra følgjande nasjonar (i tillegg til oss):

Medlemmene i NSOAF møtes i eit årleg arbeidsmøte, kor aktivitetar vert summert opp og nye oppgåver initiert og diskutert.

Arbeidet føregår primært gjennom følgjande tre permanente arbeidsgrupper:

Arbeidsgruppe om helse, miljø og sikkerhet (NSOAF-HS&E)
Gruppa skal blant anna bidra til:

Arbeidsgruppa arbeider elles med tema kor myndigheitene har felles interesser. For tida vert det arbeida med fleire konkrete tema, for eksempel eit fleir-nasjonalt tilsyn knytt til Human Factor-element innan førebygging av utblåsingar.

Arbeidsgruppa om boring og brønn (NSOAF-WWG)
Gruppa skal utveksle informasjon og samarbeide om sikkerheits- og arbeidsmiljøforhold som er relatert til bore- og brønnaktivitetar, brønnintegritet og førebygging av ukontrollert utblåsing.

Aktivitetane til gruppa skal også bidra til kontinuerleg forbetring av sikkerheit og arbeidsmiljø ved boreoperasjonar, brønnoverhalingar og andre brønnrelaterte aktivitetar, samtidig som det vert arbeida for å lette dei administrative byrdene for firma som arbeider på fleire kontinentalsoklar (i Nordsjøområdet).

Nettverk for sikkerheitsopplæring (NSOAF-TG) 
Dette nettverket følgjer opp arbeid for å oppnå gjensidig aksept for krava til sikkerheitsopplæring innan nordsjølanda.

Det er oppnådd semje mellom medlemslanda om kva element i opplæringsprogramma som er gjensidig akseptable, og på kva områder det føreligg forskjellige krav. Resultat fra arbeidet i nettverket vert lagt til grunn for vidare forenkling av opplæringskrava og av ordningane for gjensidig aksept av opplæringsmodular i dei ulike landa.

Nettverk for EU-saker (NSOAF-EU) 
Gjennom dette nettverket deles informasjon og erfaringer om relevant EU-arbeid blant nordsjølandene, herunder planlagte, foreslåtte og vedtatte rammevilkår og innarbeidingen av EU/EØS-regler i de respektive landene.

Nettverket utveksler også informasjon om det harmoniserte EU/EØS regelverket for å bidra til en ensartet forståelse og håndheving av regelverket blant landene.