Gå til hovedinnhold

Målstyrt tilsyn

Tilsynsordninga på norsk sokkel baserer seg på ei overtyding om at myndigheitene ikkje kan “inspisere” kvalitet inn i industrien.


Bilde av offshorearbeider

Det er næringa sjølve som er ansvarleg for at verksemda vert drive forsvarleg og i samsvar med krava i regelverket. Og det er næringa sjølve som må sørgje for å oppnå og vedlikehalde kvalitet.

I prinsippet finnes det to ulike måtar å regulere sikkerheita i petroleumsverksemda på: Detaljstyring og målstyring. Dei siste 20 til 30 åra har sikkerheitsmyndigheitene verda over utvikla sine tilsynsregimer mot større grad av målstyring. Også i Noreg.

Detaljstyring
Detaljstyring baserer seg på lover og forskrifter som i detalj spesifiserer krava til konstruksjonar, teknisk utstyr og operasjonar som må takast hand om for å sikre mot ulykker og farar. Sikkerheitsmyndigheitene set dei nødvendige krava til sikkerheita og kontrollerer at selskapa etterlever desse.

Eit slikt detaljstyringsregime har ofte vist seg å lede til ei passiv og avventande haldning hos selskapa: Dei ventar på at sikkerheitsmyndigheitene skal komme på inspeksjon, peike på feil eller manglar, og forklare korleis desse skal rettast opp. På den måten blir myndigheitene garantistar for at sikkerheita er godt nok tatt vare på i industrien, og selskapet sitt eige ansvar for dette blir overført til myndigheitene. Dette er ein lite føremålstenleg måte å regulere sikkerheita på.

Målstyring
Ved målstyring er regelverket utforma slik at det beskriv kva mål eller funksjonar det er som skal takast hand om.

Myndigheitene si oppgåve er å beskrive kva sikkerheitsmål selskapa må ta vare på, og sjå til at selskapa har etablert styringssystem som sikrar at måla er tekne hand om.

Selskapa har relativt stor grad av fridom når det gjeld å velja gode løysingar for å ta vare på myndigheitskrava.  

Internkontrollprinsippet
Prinsippet om internkontroll inneber at selskapa har ei sjølvstendig plikt til å ta hand om krava i regelverket.

Internkontrollen vert teken hand om ved at selskapa brukar administrativ styringsverktøy som sørgjer for at kontrollen med eigen verksemd vert utført på ein systematisk måte.  

Sjølv om omlegginga frå detaljregulering og over mot meir målsettingsorientert myndigheitsstyring har vore krevjande for alle partar i næringa, vert likevel erfaringane med bruk av internkontrollprinsippet sett på som ein suksess, på den måten at det har ført med seg ein smidigare og meir effektiv statleg tilsynsverksemd.

Internkontrollprinsippet er også innført for den landbaserte industrien.