Gå til hovedinnhold

Leiarassistent

Vi søker etter ein dyktig og erfaren leiarassistent som skal rapportera til direktøren i Petroleumstilsynet.


Petroleumstilsynet skal leggje premiss for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø, sikkerheit og beredskap og gjennom dette også medverker til å skape størst mogeleg verdiar for samfunnet. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.

Staten som arbeidsgivar skal utnytta den fulle bredde i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegla mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søke jobb i staten.

Petroleumstilsynet er ei IA-verksemd. I dette ligg det mellom anna at vi vil sørgja for tilrettelegging på arbeidsplassen der det er behov.

SØK PÅ STILLINGA

Arbeidsoppgåver:

  • Støtta direktøren og hovudleiinga med administrative oppgåver som mellom anna å avtala møter, følgja opp kalenderavtalar, svara på e-post/brev/telefon, bestilla reiser, skriva reiserekningar, sørga for arkivering etc.
  • Halda oversikt og følgja opp leiinga sine interne møter og samlingar.
  • Skriva referat og aksjonsloggar, følgja opp status på aksjonane.
  • Henta inn og setja saman skriftleg materiale (norsk og engelsk) til føredrag og presentasjonar for direktørane.
  • Vera administrativ kontaktperson mot styresmakter som Ptil samarbeider med i inn- og utland, inkludert internasjonale samarbeidsforum som Ptil deltek i.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med tilsvarande oppgåver i offentleg eller privat verksemd.
  • Kjennskap til Petroleumstilsynet og til petroleumsverksemda, spesielt innan arbeidsmiljø- og sikkerheitsforhold.
  • Gode kunnskapar innan kontorstøttesystem.
  • God kjennskap til elektronisk dokumentforvaltning.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og høg fagleg motivasjon.
  • Løysings- og resultatorientert.
  • Evne til å jobba strukturert og sjølvstendig.
  • Initiativrik og serviceinnstilt.

Vi tilbyr:

Søknadsfrist: 24. oktober 2017

Våre ansattegoder

For meir informasjon om stillinga kontakt:
Jan Arild Asbjørnsen, organisasjonsdirektør
Tlf. 51 87 35 63

Geir Haaland, seniorrådgjevar personal
Tlf. 51 87 32 62

SØK PÅ STILLINGA