Gå til hovedinnhold

Jurist

Me ynskjer å styrkja kapasiteten vår og søkjer ein jurist for fast tilsetjing i full stilling.


Vedkomande må ha gode samarbeidsevner og høg fagleg motivasjon, gjerne med erfaring frå arbeidsrett, EU-/EØS-rett, offentleg forvaltning og/eller petroleumsverksemd. Det er òg viktig å vera løysings- og resultatorientert og ha evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig. Stillinga inneber nært samarbeid med andre faglege ressursar i resultatområdet Juss og rammevilkår og våre andre fagområde.   

Søk på stillinga  (søknadsfrist 24. april 2019)


Arbeidsområde:

  • Bistand ved oppfylging av petroleumsverksemda på vårt forvaltningsområde 
  • Rådgjeving og rettleiing internt og eksternt  
  • Rådgjeving til overordna departement og andre styremakter 
  • Regelverksutvikling
  • Utgreiingsarbeid og samordning av høyringar
  • Utvikling av regelverks- og forvaltningskompetanse i organisasjonen
  • Klagebehandling
  • Bistand til politiet når dei etterforskar hendingar på vårt forvaltningsområde
  • Andre juridiske spørsmål som gjeld vår etat

Ynskte Kvalifikasjonar:

  • Cand. jur. eller master i rettsvitskap   
  • Relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med eller interesse for tverrfagleg arbeid
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre 
  • Analytiske evner og god formidlingsevne   
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Me kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Brei kontakt med næringa og andre styremakter
  • Gode utsikter for vidare kompetanseoppbygging og eiga utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moderne og innbydande lokale
  • Aktivt bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar i og utanfor huset
  • Bedriftshytte ved sjøen og på fjellet 

Kontaktinformasjon:

Hilda Kjeldstad
Leiar for regelverksutvikling
51873366

Ingvil Tveit Håland
Juridisk rådgjevar
51873514
 


Petroleumstilsynet skal legga premiss for og følga opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø og sikkerheit og beredskap og gjennom dette også vera med på å skapa størst mogleg verdiar for samfunnet. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.

Som arbeidsgjevar vil me i størst mogleg grad spegla mangfaldet i samfunnet med omsyn til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Difor vert alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda om å søka jobb hos oss. Petroleumstilsynet jobbar aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.