Gå til hovedinnhold

Fagleiar - Logistikk og beredskap

Petroleumstilsynet søker leiar til fagområdet Logistikk og beredskap.


Petroleumstilsynet søker leiar til fagområdet Logistikk og beredskap. Fagområdet har per i dag 24 stillingar med høg kompetanse innan beredskap, sikring, logistikk og bemanna undervassoperasjonar. Stillinga rapporterer til fagdirektør og inngår i fagleiarteamet. 

Kvinner vert oppmoda til å søke.

SØK PÅ STILLINGEN

Arbeidsoppgåver

  • Etablering og vidareutvikling av kunnskap og kompetanse knytt til ansvarsområdet til fagområdet
  • Personalansvar for medarbeidarane i fagområdet
  • Fordeling av oppgåver og ressursallokering
  • Fagansvar med kvalitetssikring
  • Delta i strategiutviklingsprosessar for Petroleumstilsynet
  • Utvikling og gjennomføring av prosjekt
  • Samarbeid med interne og eksterne fagmiljø
  • Delta i nasjonalt og internasjonalt samarbeid
  • Delta i tilsyn med petroleumsverksemda
  • Delta i utvikling av regelverk og standardar

Kvalifikasjonar

  • Høg fagleg kompetanse og erfaring minst innan eitt eller fleire av fagfelta logistikk og beredskap. Elles god kjennskap til dei andre fagfelta
  • Høgare utdanning frå høgskule eller universitet med relevant fagkrets
  • Erfaring med personalleiing i kompetanseorganisasjonar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Den som vert tilsett må leggje fram tilfredstillande helseerklæring i samsvar med forskrifter frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Den som vert tilsett må kunne verta sikkerheitsklarert

Personlege egenskapar

  • Gode samarbeidseigenskaper
  • Evne til å vise initiativ og være løysnings- og resultatorientert
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Brei kontakt med næringa; operatørselskap, reiarar, entreprenørar og leverandørar
  • Gode mogelegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne og innbydande lokale
  • Aktivt bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar på huset
  • Bedriftshytte ved sjøen og på fjellet

Søknadsfrist: 23. november 2018

Våre ansattegoder

For mer informasjon om stillingen, kontakt:

Finn Carlsen, fagdirektør
Tel: (+47) 51 87 32 21


Svein Anders Eriksson, leder for sikring
Tel: (+47) 51 87 32 33

SØK PÅ STILLINGEN

___________________________________________________________________________________________

Petroleumstilsynet skal leggje premissar for og følgje opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø, sikkerheit og beredskap og gjennom dette også medverker til å skape størst mogeleg verdiar for samfunnet. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.

Staten som arbeidsgivar skal utnytte den fulle bredde i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søke jobb i staten.

Petroleumstilsynet er ein IA-bedrift.