Gå til hovedinnhold

Kva er tilsyn?

Tilsyn omfattar mykje meir enn revisjonar offshore og på landanlegg. Tilsyn er heilskapen i kontakten mellom oss og tilsynsobjekta, og omfattar alle aktivitetar som gir oss det nødvendige grunnlaget for å vurdera om selskapa tek ansvar for å driva forsvarleg.



Ptil sitt tilsynsansvar omfattar per 1. januar 2017:

  • Ca. 80 faste innretningar (plattformar)
  • 61 flyttbare innretningar med SUT
  • Åtte petroleumsanlegg på land
  • Rundt 300 innretningar på havbotnen
  • Cirka 15 400 kilometer olje- og gassrøyrleidningar
  • 25 000 menneske som jobbar på innretningane offshore

Tilsynsansvaret omfattar heile livssyklusen i petroleumsverksemda, frå leiteboring, utbygging og drift fram til nedstenging og fjerning.

Den mest synlege delen av tilsynet vårt er når vi dreg ut på innretningane i havet, på landanlegga eller på byggeplassane for å få stadfesta at selskapa etterlever regelverket.

Men tilsyn er også

Kven fører vi tilsyn med?
Vi fører tilsyn med alle aktørar i næringa. I teorien gjeld dette alle operatørar, entreprenører og reiarar i verksemda. Vi rettar likevel først og fremst merksemda vår mot det oljeselskapet som har operatøransvaret, fordi operatøren har eit overordna ansvar for at alle deira leverandørar og underleverandørar etterlever regelverket.

Myndigheita vår omfattar heile den norske kontinentalsokkelen. Også landanlegga fell inn under vårt myndigheitsområde.

Med omkring 170 tilsette seier det seg sjølve at det å rekka over alt og alle i løpet av eitt år ikkje lar seg gjera. Det skal heller ikkje vera naudsynt. Vår viktigaste oppgåve er å følgja opp at selskapa sjølve tek ansvar.

Vi prioriterer tilsyn der kor risikoen har vist seg å vera størst . Dette vert kalla risikobasert tilsyn.

Regelverk og tilsyn er forma slik at det er selskapa sjølve som har det totale ansvaret for å drive forsvarleg. Det betyr også at selskapa har fridom til sjølv å finne dei beste løysingane. Gjensidig tillit og forståing for rolle og oppgåver er ein føresetnad for at vi skal kunne utøve myndigheitsrolla på denne måten.

Vårt overordna departement, Arbeids- og sosialdepartementet, har gitt oss følgjande føringar for korleis vi skal ta hand om oppgåvene våre:

Kva er systemorientert tilsyn?
Tilsynet vårt er retta mot relevante delar selskapa sine styringssystem, og vert gjennomført i form av revisjonar og verifikasjonar.

Ein revisjon er ein planlagt, systematisk gjennomgang av delar av styringssystemet. Den skjer i form av gjennomgang av dokumenter, og intervju med utvalte personar for å undersøke om det er samsvar mellom systemet som er beskrive og verkelegheita, og om systemet gir eit godt nok grunnlag for å drive forsvarleg.

Verifikasjon inneber ein stikkprøve for å undersøke om styringssystemet fungerer i praksis og bidreg til å skape det sikkerheitsnivået regelverket krev. Feil og manglar som vert påvist under ein verifikasjon må utbetrast av selskapet. Det viktigaste er likevel at påviste feil indikerer at noko har svikta i styringssystemet, og at det må gjerast forbetringar i dette.

Kva er risikobasert tilsyn?
Det er verken mogeleg eller ønskeleg å gjennomføre tilsyn med alle aktivitetar og med alle innretningar og utstyr.  Når vi seier at tilsynet vårt er risikobasert meiner vi at vi i planlegginga vår prioriterer tilsyn på de områda kor risikoen er størst.

Selskapa sitt eige tilsyn
Tilsyn som vi har gjort på et valt område, fritek ikkje selskapa for plikta til sjølv å forsikre seg om at innretningar, anlegg og utstyr til ein kvar tid er i samsvar med krava i regelverket. Vårt tilsyn kjem derfor i tillegg til selskapa sine eigne system for inspeksjon og kontroll.  

Korleis føregår tilsynsarbeidet?
Den største delen av den praktiske tilsynsverksemda handlar om dialog mellom oss og næringa – det å spørje etter planar, analyser, dokumentasjon og informasjon.

I tillegg kjem faglege, tversgåande initiativ retta mot næringa samla for å påverka til positiv utvikling innan eit bestemt fagområde.

Ein tilsynsaktivitet, som til dømes ein revisjon, er som regel varsla ei stund på førehand. Revisjonen byrjar vanlegvis i god tid før revisjonslaget dreg ut i felten – gjerne ved møter med det aktuelle selskapet. Der er både representantar frå leiinga og arbeidstakarane i selskapet representerte. I samband med besøk offshore eller på landanlegg held ein gjerne også eigne møter med vernetenesta, for å sikra at synspunkta til arbeidstakarane kjem fram.

Tilsynsaktivitetane vert summert opp i eigne tilsynsrapportar som vert brukte som grunnlag til å bestemme korleis funna skal følgjast opp. Det kan til dømes vera aktuelt å gi pålegg. Eit pålegg er eit vedtak om tiltak som selskapet har lovmessig plikt til å etterkomme. Sjå også verkemiddel ved regelverksbrot

Vi legg stor vekt på dialog mellom partane i verksemda, og bransjen har difor fleire viktige fora for trepartssamarbeid, som Regelverksforum og Sikkerhetsforum.

Organisering: Tilsynskoordinatorar og kontaktpersonar 
Vi har organisert ansvaret for tilsynet i seks ulike lag som har ansvar for kvar sin portefølje av aktørar. Kvart lag er sett saman med relevante fagfolk frå organisasjonen vår.  

Laga vert leia av kvar sin tilsynskoordinator med produktansvar og formell vedtaksmyndigheit. Kvart lag har òg eigne kontaktpersonar som er faste kontaktpunkter mot sine definerte aktørar.