Gå til hovedinnhold

Krav til rettshavarar

Rettshavarane skal legge forholda til rette for operatøren sitt arbeid med verksemda i løyvet og sjå til at operatøren oppfyller pliktene sine.


Rettshavarane må kunne dokumentere tilstrekkelege ressursar og kompetanse for å kunne ta stilling til operatøren si styring av HMS-området.  

I den såkalla "påseplikta" ligg det at rettshavarane skal følgje opp operatøren på ein systematisk måte. Det skal gå fram av styringssystemet korleis "påseplikta" blir tatt hand om.

"Påseplikta" for rettshavarane inneber å:

  • sjå til at operatør har eit fungerande styringssystem
  • sjå til at operatør har ein organisasjon som er tilstrekkeleg kvalifisert og har tilstrekkeleg kapasitet
  • sjå til at operatør tar hand om problemområder og andre forhold som myndigheitene har fokus på
  • sjå til at sentrale søknader vert sendt til myndigheitene

Rettshavarane har vidare:

  • aksjonsplikt, dersom rettshavar oppdagar at forhold ikkje er i samsvar med regelverket
  • sjølvstendig plikt til å sikre seg tilstrekkeleg informasjon

Revisjonsplikt
Rettshavar skal ha ei risikobasert tilnærming ved oppfyllinga av "påseplikta". Dette inneber at rettshavar etter forholda i konkrete tilfelle kan ha plikt til å gjennomføre revisjonar mot operatøren.