Gå til hovedinnhold

Krav til operatørane

Her finn du informasjon om formelle plikter som gjeld for alle operatørar i Noreg, uavhengig av storleik.


Operatøren er den som på vegne av rettshavarane står for den daglige leiinga av verksemda i eit løyve. Operatøren har eit overordna ansvar for at verksemda føregår på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjeldande regelverk.

Rammeforskriften § 12 om organisasjon og kompetanse stiller følgjande krav:

"Operatøren skal ha en organisasjon i Norge som på selvstendig grunnlag er i stand til å sikre at petroleumsvirksomheten gjennomføres i tråd med regelverket".

Eigen kompetanse
Regelverket gir operatørane stor fridom til korleis dei ønskjer å organisere verksemda si, for eksempel gjennom bruk av eksterne ressursar for å utføre aktivitetar.

Eit selskap er likevel ikkje kvalifisert til å ta vare på pliktene sine etter HMS-regelverket utan å sjølv ha personell med kompetanse på området.

Det betyr at operatøren må ha eigen kompetanse til blant anna å kunne:

  • kvalifisere entreprenørar som utfører arbeid av betyding for helse, miljø og sikkerheit
  • definere oppdraget for desse entreprenørane
  • ta stilling til kvaliteten på produkta eller tenestene som entreprenørane leverer
  • ta avgjersler som er nødvendige for at verksemda som heilheit føregår forsvarleg
  • definere om, og på kva område det er behov for å gjennomføre verifikasjonsaktivitetar (oppfølging) i eigen organisasjon og hos entreprenørane 
  • bestemme verifikasjonsgrunnlaget for den samla petroleumsverksemda
  • gjere ei samla vurdering av resultata frå dei gjennomførte verifikasjonane
  • leie og koordinere innsatsen av beredskapsressursane ved fare- og ulukkesituasjonar.

Grenser mellom operatør og eksterne leverandører
Operatøren kan delegere enkelte oppgåver til eksterne leverandørar. Eit grunnleggjande krav er likevel at operatør må organisere seg på ein måte som ikkje reduserer evna til å oppfylle ansvaret sitt etter regelverket.

Merk også at

  • Operatør må sjølv ta avgjersler på strategisk nivå, for eksempel ved tredjeline beredskap og kommunikasjon av slike forhold til media.
  • For ein del forhold på strategisk nivå vil myndigheitene ha behov for dialog og mogelegheit for direkte og rask avklaring på ansvarleg nivå hos operatør.
  • Krava til oppfølging av entreprenørar gjeld også for oppfølging av konsulentar og andre typar leverandørar.
  • Operatøren skal halde tilsynsmyndigheitene orientert om utviklinga i aktivitetar, og om kva tiltak som er planlagt å sette i verk.

”Påseplikt"
Operatøren har eit særleg ansvar for at verksemda samla føregår på ein forsvarleg måte og i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande reglar.

Operatøren skal sjå til ("påse") at alle som utfører arbeid for seg etterlever dei krava som er gitt i regelverket.  

Denne "påseplikta" kjem i tillegg til den enkelte aktør si plikt til å etterleve regelverket og er ein generell og overordna oppfølgingsplikt.

Det skal gå fram av operatøren sitt styringssystem korleis "påseplikta" vert teke vare på.