Gå til hovedinnhold

Prekvalifisering

Alle selskap som ønskjer å drive petroleumsverksemd på norsk sokkel må vere kvalifisert som rettshavar eller operatør. Norske myndigheiter tilbyr derfor selskapa ei såkalla prekvalifisering for å vurdere om dei oppfyller krava.


Aktørar som deltek i petroleumsverksemda som rettshavarar eller operatørar skal bidra til auka verdiskaping på norsk sokkel. Dette kan til dømes vere at dei bidreg med idear som kan gi nye funn eller at dei har spesiell kompetanse og interesse for å utnytte ressursane i mindre felt.

Aktørar skal også ha HMS-kompetanse som bidreg til å styrke tryggleiken på norsk sokkel.

To myndigheitsetatar: Petroleumstilsynet og Oljedirektoratet
Nye aktørar blir vurdert av oss og Oljedirektoratet (OD), som rapporterer til sine respektive departement. Arbeidsdepartementet (AD) og Olje- og Energidepartementet (OED) fattar endeleg vedtak om prekvalifisering.

Vi gjennomfører ein felles prosess med møter og besøk hos selskap som vert vurderte saman med OD, dette for å spare ressursar for alle partar. Etatane har likevel sjølvstendige roller og oppgåver i samband med aktørvurderingane, og utarbeider sjølvstendige og uavhengige rapportar.

Kva vert vurdert?
For å dokumentere evne til verdiskaping må selskapa mellom anna vise at dei har kompetanse både innan ressursforvalting (vert følgt opp av OD) og helse, miljø og sikkerheit (vert følgt opp av oss).

For å følgje opp forpliktingane i regelverket for petroleumsverksemda på norsk sokkel på selskapa mellom annan dokumentere at dei har:

  • Kompetanse og kapasitet innan HMS
  • Tilstrekkelege styringssystem
  • Finansiell styrke (vert handtert av OED og Finansdepartementet)

Både vi og OD brukar følgjande evalueringsskjema som eit hjelpemiddel i prosessen med å vurdere nye aktørar: Evalueringsskjema (MS Word 0,06 MB)
 
Kompetanse og kapasitet
Eitt sentralt krav i petroleumslova er at selskapa skal ha nødvendig kompetanse og organisasjon i Noreg. Gjennom å vere ein del av eit norsk fagmiljø vil selskapa både kunne bidra til – og hauste – unike erfaringar frå norsk kontinentalsokkel.  

Rettshavarane må ha ei minimumsbemanning på 8-9 personar med teknisk fagkompetanse innan relevante fagfelt for å kunne evaluere, forstå og følgje opp aktivitetar i eit utvinningsløyve.

Relevante fagfelt:

  • Geologi og geofysikk
  • Reservoarteknikk
  • Produksjonsteknologi og annan relevant teknologi
  • Helse, miljø og sikkerheit

Operatørar må ha ein organisasjon i Noreg ut over dette som kan ta hand om dei oppgåvene som selskapet til ein kvar tid har. Det ligg store utfordringar i å gå frå å vere rettshavar til å bli operatør, kor både ytterlegare kompetanse og kapasitet må vere på plass for å kunna handtera oppgåvene på ein forsvarleg måte.

Bakgrunn for ordninga 
Ønsket om å få nye kompetente aktørar inn på norsk sokkel vart uttrykt i Stortingsmelding nr. 39 (1999-2000). For å sikre ei føreseieleg utvikling og tryggleik for nye aktørar som ønskjer å komme inn på norsk sokkel, vart det derfor våren 2000 utvikla ei ordning med prekvalifisering av rettshavarar og operatørar.

Prekvalifisering er ei generell vurdering av eit selskap sin kompetanse, kapasitet og styring av verksemda.  Tilbodet er også ein hjelp til selskapa i deira etablering i norsk petroleumsverksemd.

Ordninga erstattar ikkje ordinær oppfølging av selskapa frå myndigheitene si side.