Gå til hovedinnhold

Kompetanse- og utviklingsmogelegheiter

Vi brukar kompetanseutvikling som eit aktivt verkemiddel for å sikre at alle medarbeidarar har nødvendig kunnskap til å utføre oppgåvene sine.


Introduksjon og rettleiing 
Alle nye tilsette får god rettleiing og blir tatt i mot på ein positiv og inkluderande måte. Dette skjer blant anna gjennom introduksjonsprogrammet vårt, som inkluderer ein eigen fadderordning.

På denne måten blir kvar enkelt av dei nye tilsette godt kjent med både rolla og ansvaret vårt, så vel som arbeidsmiljø, organisasjon og eigne oppgåver.

Vår interne kompetanseskule tilbyr medarbeidarane ulike tverrfaglege opplæringstilbod. 

Utviklingsplan 
Det er fagmiljøa våre som tek vare på den langsiktige utviklinga av kompetanse og kunnskap innan prioriterte område.  

Medarbeidarane har sjølve ansvar for eiga fagleg utvikling, og ein personleg utviklingsplan vert utarbeida i nær dialog med leiar, fagnettverk og i samsvar med faglege behov hos oss. Den enkelte sin personlege utviklingsplan er også tema i medarbeidarsamtalar.

Hospitering 
Som ein del av utviklingsplanen kan tilsette hos oss hospitere i operatørselskap i kortare eller lengre periodar. 

UiS-samarbeid
Vi har inngått eit unikt samarbeid med Universitetet i Stavanger (UiS) for å heve realkompetanse til formalkompetanse innan områder som er av betydning for oss.

Samarbeidet har blitt ein viktig læringsarena som bidrar til å vedlikehalde, oppdatere og fornye medarbeidarane våre sin kunnskap og kompetansebakgrunn innan definerte kjerneområde kor vi som etat skal ha spisskompetanse. 

Samarbeidet med universitetet skapar også felles standard og kvalitetsnivå for våre tilsette med ulik utdanning og bakgrunn.