Gå til hovedinnhold

Internasjonalt samarbeid

Petroleumsverksemda er av global karakter, og industrien har etablert internasjonale fora for samhandling. Det er derfor naturleg at også myndigheitene samarbeider om felles sikkerheitsmessige utfordringar.


Dei mest sentrale arenaer for myndigheitssamarbeid er:

NSOAF
North Sea Offshore Authorities’ Forum (NSOAF) er ein samanslutning av sikkerhetsmyndigheiter med ansvar for aktiviteten i nordsjøbassenget.

NSOAF har gjennomført mange prosjekt som har hatt som mål å redusere forskjellar i formelle, nasjonale krav til tekniske, operasjonelle og opplæringsmessige forhold i petroleumsverksemda i Nordsjøen.

IRF
Globalt er International Regulators’ Forum (IRF) den sentrale arenaen, og ulike arbeidsgrupper innan IRF arbeider for å løyse oppgåver av felles interesse.

Kvart anna til tredje år arrangerer IRF ein konferanse for sikkerheitsmyndigheiter frå heile verda, med deltakarar frå industrien, for å drøfte aktuelle sikkerheitssaker og mogelege løysingar.  

AORF
Arctic Offshore Regulators' Forum (AORF) er et samarbeidsforum med medlemmer fra sikkerhetsmyndighetene i USA, Canada, Russland, Island, Grønland, Finland, Sverige og Norge. Hensikten er å diskutere og evaluere utfordringer og muligheter knyttet til sikkerhet, for å bidra til et høyt sikkerhetsnivå for petroleumsvirksomhet i Arktis.

ICRARD 
International Committee on Regulatory Research and Development (ICRARD) er ein arena for informasjonsdeling og erfaringsoverføring innan HMS-forsking i petroleumsverksemda.

Hensikta med satsinga er å sikre at forskingsaktivitetar blir kjent, slik at tilsvarande eller liknande aktivitetar ikkje nødvendigvis blir satt i gang i andre/nye land.

Andre internasjonale samarbeidsorganisasjonar

  • The Offshore Mechanical Handling Equipment Committee (OMHEC)
    Samarbeid med myndigheiter i andre nordsjøland for å betre sikkerheit ved kran- og løfteoperasjonar. Gjennom denne samarbeidsorganisasjonen har det på ein effektiv måte blitt utarbeida rettleiingsdokument som industrien kan anvende.
     
  • European Diving Technology Committee (EDTC)
    Utarbeider blant anna felles rammer for krav til kompetanse for utdanning av dykkepersonell.

Bilateralt samarbeid
Gjennom bilateralt samarbeid med andre sokkelmyndigheter i Nord-Europa bidrar vi på fagleg nivå til å møte internasjonaliseringa i bransjen innan fleire område, blant anna gjennom utveksling av kunnskap og erfaringar.

Det er etablert avtaler om bilateralt samarbeid til dømes for felt og røyrleidningar som kryssar sokkelgrenser. Desse avtalene regulerer samarbeidet i tilsynet med operatørselskap, felt og innretningar, i tillegg til utveksling av sikkerheitsrelatert informasjon. 

Vidare er det etablert avtaler om bilateralt samarbeid på enkelte fagområde, som til dømes arbeidsmiljø.

Petroleumstilsynet samarbeider òg med Russland om særskilte utfordringar i samband med utbygging av olje- og gassverksemda i nordområda.