Gå til hovedinnhold

Informasjonspolitikk og mediehandtering

Vår informasjon til næringa, media og offentlegheita skal vere open, tilgjengeleg og etterretteleg.


Med bakgrunn i den spesielle posisjonen som olje- og gassindustrien har i det norske samfunnet, skal vi informera om verksemda og svare på spørsmål så langt det er mogeleg og forsvarleg - basert på rolla vår som forvaltningsorgan og med utgangspunkt i dei overordna måla for Petroleumstilsynet.

Mediehandtering
Vi handterer førespurnader frå media så langt det er mogeleg og forsvarleg, basert på vår rolle som forvaltningsorgan.

I tillegg til direkte mediekontakt bruker vi nettstaden til å informera om oppfølging av mellom anna uønska hendingar. Vi publiserer som hovudregel artiklar i samband med eigne aksjonar, som til dømes iverksetjing av eiga gransking og oversending av granskingsrapportar.

Mediehandtering i ein beredskapssituasjon 
I ein beredskapssituasjon knytt til ei alvorleg hending fører vi tilsyn med at operatøren opptrer i samsvar med krava i regelverket, inkludert vurdering av dei tiltaka som vert sette i verk for å få kontroll over situasjonen.

Informasjon til media om status innan dei områda vi fører tilsyn med inngår som ein del av oppgåvene våre i ein beredskapssituasjon.