Gå til hovedinnhold

Informasjonsinnsamling frå næringa

Vi har mange følarar ute for å hente informasjon om hendingar og andre aktivitetar i petroleumsverksemda. Her er ei oversikt over nokre av dei viktigaste.


Bilde fra plattformmiljø

Varsel om uønska hendingar
Uønska hendingar er rapporteringspliktige til oss. Det er klart definert i regelverket kva som skal meldast og varslast til oss, sjå Styringsforskriften, kapittel 8. Dette resulterer i at vi årleg tek i mot mellom 700 og 800 varsel, registrert på eigne skjema.

Alle uønska hendingar som er varsla, vert fordelt til ein sakshandsamar. Han eller ho tek saka vidare, kategoriserer kor alvorleg saka er (noko som kan avvike frå operatøren sin valde kategori) og vel tilpassa oppfølging overfor operatør/selskap.

Svært alvorlege hendingar kan resultere i at vi vel å setje i gang ei gransking eller annan spesielt tett oppfølging av hendinga. Mindre alvorlege hendingar får ei oppfølging som er tilpassa saka.  

Beredskapsvakter
Vi har ein beredskapstelefon som er bemanna året rundt, døgnet rundt. Varsla hendingar vert først motteke og registrert av beredskapsvakta, som òg gjer dei første vurderingane av kor alvorleg hendinga er og krav til eventuelle direkte tiltak.

Om nødvendig vil vakta etablere beredskapssentralen vår for å følgje ein alvorleg, pågåande  situasjon ved hjelp av beredskapsorganisasjonen vår. Denne kan etablerast på kort varsel, døgnet rundt. 

RNNP
RNNP (Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet) er eit viktig verktøy for overvaking av industrien. RNNP måler utviklinga i risikonivå i petroleumsverksemda til havs og på land.

Basis for rapporten er ein stor mengde data som vert meldt inn til myndigheitene frå selskapa ved kvart årsskifte, og som deretter vert kvalitetssikra av oss.

Ved hjelp av RNNP-rapportane, som vert gitt ut rundt 20. april kvart år, kan ein vera sikker på å ha eit realistisk bilete av utviklinga i risikonivå frå år til år. Industrien, arbeidstakarane og myndigheitene er einige om at RNNP-målinga gir eit korrekt bilete av tilstanden.

Varslarar
Varslarar bidreg til å forme og komplettere biletet av sikkerheitssituasjonen.  

Vi tek i mot varsel frå tilsette i petroleumsverksemda som melder i frå om dårleg sikkerheit eller kritikkverdige forhold på arbeidsplassen sin. Varsla vert følgd tett opp, etter etablerte og lovpålagde rutinar, og anonymitet og vern av varslaren vert teke vare på.
 
Borerapportering via DDRS
Borerapportering via Daily drilling report system (DDRS) er eit verktøy som hjelper myndigheitene med informasjon om den daglege boreaktiviteten. Selskapa har sidan 1984 vore pålagd å rapportera alle boringar på norsk sokkel til myndigheitene via denne databasen.  

Ved å lese av data frå DDRS kan vi he hente ut essensiell informasjon om kvar boring som er i gang. På den måten kan vi, om nødvendig, forsikre oss om at uønska brønnhendingar faktisk er rapportert, og vi kan verifisera utviklinga i hendinga ved hjelp av utskrifter frå systemet.