Gå til hovedinnhold

ICRARD

International Commitee on Regulatory Research and Development (ICRARD) vart etablert i 1994 som ein arena for å dele informasjon og erfaringar innan HMS-forsking i petroleumsverksemda.


Logo ICRARD

Initiativet til myndigheitsforumet kom frå myndigheitene i USA, Canada, Storbritannia og Norge. Australia, Brasil, Mexico, New Zealand og Nederland har kome til gjennom åra.

Global nettstad
I 2004 vart nettstaden www.icrard.org etablert. Nettstaden inneheld ei global oversikt over forskings- og utviklingsprosjekt innan helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.

Unik søkemotor
Nettstaden inneheld også ein unik søkemotor som berre leitar etter HMS-relevant informasjon på utvalde nettstader. Søkemotoren gir ein rask og effektiv oversikt over kva som er gjort innan forsking på det aktuelle feltet ein søker informasjon om, med tilhøyrande informasjon om kontaktpersonar, tilknytt forskingsmiljø og prosjekt.