Gå til hovedinnhold

Gebyr og sektoravgift: Refusjon av tilsynsutgifter

Vi har tilgang til å krevje gebyr og sektoravgift for tilsyn og annan oppfølging med arbeidsmiljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.


Ny forskrift om gebyr og sektoravgift vart fastsett av Arbeidsdepartementet 8. januar 2013, og erstattar tidlegare føresegn om tilgang til å krevje refusjon av utgifter for tilsyn med sikkerheit og arbeidsmiljø.

Gebyr
Den nye forskrifta gir tilgang til å krevje gebyr for tilsyn (revisjonar mv) retta mot ei konkret verksemd. Gebyr kan krevjast frå den verksemd som tilsynet rettar seg mot eller finn stad hos.

Sektoravgift
Det er i tillegg innført tilgang til å krevje sektoravgift for oppfølgingsoppgåver som rettar seg mot heile eller delar av petroleumsverksemda.

Sektoravgift kan krevjast frå

  • rettshavarane, ved operatøren
  • eigarane av landanlegg, ved operatøren

Sektoravgifta vert fordelt i samsvar med fordelingsnøklar som vert fastsett av oss.

Timesats og fakturering
Tilsyn og annen oppfølging etter Forskrift 8. januar 2013 nr. 16 om adgang til å kreve gebyr og sektoravgift for tilsyn og annen oppfølging med arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten skal fakturerast på grunnlag av gjeldande timesats. Petroleumstilsynet kan indeksregulera timesatsane årleg i samsvar med justeringane i statsbudsjettet for løns- og prisvekst. Gjeldande timesats for 2016 er kr 936,-.

Timesats 2013 Timesats 2014 Timesats 2015 Timesats
2016
870,- 885,- 911,- 936,-