Gå til hovedinnhold

Fagområda våre

Den faglege ekspertisen vår er samla i ei fagavdeling, som er delt inn i seks fagområde. Her finn du ei kort oversikt.


Arbeidsmiljø
Fagområdet omfattar fysiske, kjemiske og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorar, som for eksempel

  • støy og vibrasjonar
  • stråling
  • kjemisk helserisiko
  • ergonomi
  • arbeidstakarmedverknad
  • arbeidstidsordningar.

Fagområdet omfattar også organisatoriske, operasjonelle og menneskelege faktorar i eit storulykkeperspektiv.

Boring og brønnteknologi
Fagområdet omfattar utvikling og styring av organisasjon, og kompetanse og kapasitet i samband med bore- og brønnoperasjonar.

Aktivitetane rettar seg først og framst mot

  • bore- og brønnutstyr på faste og flyttbare innretningar
  • sjølve brønnane på norsk sokkel.

Aktivitetane dekker levetida til brønnen, frå start av prosjektplanlegging og heilt fram til plugging og forlating.

HMS-styring
Fagområdet varetar og vidareutviklar kunnskap og kompetanse på fylgjande tilsynsområde:

  • leiing og styring/handtering av det som gjeld helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda, med vekt på storulukkerisiko og reduksjon av denne
  • vedlikehaldsstyring, aktørane sine tekniske og administrative aktivitetar i ein slik samanheng, inkludert det leiinga gjer
  • hendingar som kan føra til akutte utslepp i petroleumsverksemda og førebygging av desse
  • verdi av investering i tryggleik og økonomiske fylgjer av HMS-investeringar

Sams for desse tilsynsområda er at andre fagområde medverkar i større eller mindre grad. 

Konstruksjonssikkerheit
Fagområdet dekker berande konstruksjonar, røyrleidnings- og undervassteknologi, maritime system og materialteknologi.

I omgrepet konstruksjonssikkerheit inngår

  • aldring
  • innsynking
  • forankring
  • fleksible stigerøyr
  • indre og ytre påkjenningar på røyrleidningar
  • kollisjonsrisiko
  • naturkrefter

Logistikk og beredskap
Fagområdet omfattar alle system, utstyr, komponentar og arbeidsprosessar som inngår i

  • kran- og løfteoperasjonar
  • bemanna undervassoperasjonar
  • beredskap (inkludert beredskap mot medvitne anslag).

I fagområdet inngår også logistikk/transport av personell og gods, inkludert helikopter og fartøy, beredskapsorganisasjon, og sikkerheits- og beredskapsopplæring.

Fagområdet har også eit særleg ansvar for granskingar og for drifta av beredskapssentralen vår.

Prosessintegritet
Fagområdet dekker fagfelt som prosessering av hydrokarbonar ved hjelp av utstyr som røyr, trykktankar, ventilar og roterande maskinar.

Andre sentrale fagfelt innan prosessintegritet:

  • brannar og eksplosjonar
  • prosesskontrollsystem
  • sikkerheitsystem (nødavstenging, brann- og gassdeteksjon, prosess-sikring)
  • brannslukking
  • elektriske anlegg
  • barrierestyring
  • risikostyring.