Gå til hovedinnhold

Hendingar i samband med dykking i 2015

I 2015 blei det rapportert om to hendingar med mindre alvorlege personskadar og eitt tilløp til faresituasjon ved mettingsdykking i samband med petroleumsverksemd. Det har vore relativt få personskadar knytt til mettingsdykking i denne verksemda dei siste 25 åra.


Resultata er presenterte i Ptil sin rapport frå dykkardatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985-2015.

Aktivitetsnivå
I 2015 var aktivitetsnivået for mettingsdykking* på 57.764 manntimar i metting. Dette er litt over ei halvering av aktivitet samanlikna med 2014 og litt under eit gjennomsnittleg aktivitetsnivå dei siste 20 åra (63.000 manntimer i metting, tilsvarande 180 fartydøgn). Det er forventa eit tilsvarande aktivitetsnivå også i 2016.

I 2015 blei det ved overflateorientert dykking rapportert 17 manntimar i vatn og ingen uønskte hendingar. Aktivitetsnivået for overflateorientert dykking er generelt lågt og det har vore slik dei siste 20 åra.

Definisjonar
Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke) som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet på arbeidsstaden) og oppheld seg i under trykk i kammer på dykkarfarty mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters vassdjupne), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vere ein del av slik dykking.

Få personskadar
DSYS-oversikten viser at det har vore relativt få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.

I 2015 var det rapportert to hendingar i form av mindre alvorlege personskadar. Den eine var relatert til medisinsk behandling av smerte i ein olboge, den andre var ein førstehjelpsbehandling av lette smerter i ei skulder.