Gå til hovedinnhold

Dialog nr. 2 - 2013

I tidsskriftet Dialog opnar vi for debatt om nokre av dei mest aktuelle problemstillingane og utfordringane næringa står overfor på sikkerheitsområdet.




























Forside Dialog

Bestille publikasjonar:
E-post: margrethe.hervik@ptil.no
Telefon: 51 87 61 64

NB! Har du bestilt publikasjonar frå oss tidlegare får du automatisk tilsendt nye utgåver.

Dialog nr. 2 - 2013
Denne utgåva av tidsskriftet handlar om det utenkelege.

Beredskap er eit nøkkelord for alle som er opptatt av både sikring og sikkerheit i petroleumsverksemda. Aktørane skal ha effektiv beredskap for å førebygge og møte fare- og ulykkessituasjonar som kan vera resultat av den daglege aktiviteten. Dei må også ha beredskap mot moglege bevisste angrep; terror og viljestyrte hendingar.

Det finst ingen fasit for verken sikring eller sikkerheit. Av og til skjer det hendingar som ingen hadde trudd kunne skje, som ingen scenario hadde tatt høgde for, som rokkar ved etablerte sanningar og utfordrar djupt ned i samfunnet.

Tre gonger terror
Ptil har i 2013 fått ansvar for den såkalla sikringsparagrafen, § 9-3 - Beredskap mot bevisste anslag. Denne pålegg petroleumsnæringa å iverksette og oppretthalde sikringstiltak mot innretningar og anlegg.

På bakgrunn av dette går Dialog denne gongen tett på tre skilsettande hendingar dei siste åra: Nokas-ranet i Stavanger i 2004, 22. juli-tragedien i Oslo og på Utøya i 2011 og gisselaksjonen mot In Amenas-anlegget i Algerie i 2013.

Vi har møtt nokre av dei som har leita etter svar på kva som svikta - og fått deira analyse av kva som gjekk galt. Her blir det tydeleg illustrerert at arbeidet med risiko og beredskap ikkje kan isolerast til bestemte bransjar. Vi har alle noko å lære.

Nordområda
Formålet med Dialog er å bidra til openheit og diskusjon om viktige tema og sikkerheitsutfordringar i petroleumsverksemda.

Nokre av utfordringane det no hastar mest med å løyse, finn vi langt nord på norsk sokkel - i Barentshavet. Vi spør: Korleis oppnår vi sikker verksemd når aktiviteten skjer stadig lenger frå land, i område med store geografiske og klimamessige utfordringar?