Gå til hovedinnhold

Krav til krisekommunikasjon

Regelverket stiller krav til at selskapa på norsk sokkel må ha eigen kompetanse til å koordinere ein beredskapssituasjon, inkludert mediehandtering.


Dei fleste selskapa i petroleumsverksemda har krisekommunikasjon som del av kompetansen i eigen organisasjon. Fleire av dei små og mindre aktørane, og selskap med liten organisasjon i Noreg, har valt nye måtar å organisere verksemda si på, og fleire av dei internasjonale operatørane vel no å sentralisere verksemda rundt hovudkontoret.

Kva seier regelverket?
Regelverket opnar for at aktørar kan bruke eksterne leverandørar for å ta hand om sentrale oppgåver på ein del områder.

Det er samtidig eit krav at:

  • alle operatørar med verksemd i Noreg, må ha eigen kompetanse til mellom anna å leie og koordinere ein beredskapsoperasjon i fare- og ulukkesituasjonar.
     
  • operatøren skal ha ein organisasjon i Noreg som på sjølvstendig grunnlag er i stand til å sikre at petroleumsverksemda vert gjennomført i tråd med regelverket. 
     
  • pliktene gjeld for alle operatørar og rettshavarar, uavhengig av storleik. 

I ein krise-/beredskapssituasjon:

  • Det er operatøren i Noreg som skal uttrykke selskapet sitt overordna ansvar, vurderingar og forpliktingar til offentlegheita.
     
  • Denne rolla kan som hovudregel ikkje takast hand om av konsulentar, og ikkje overlatast til selskapet sitt kontor i eit anna land. 
     
  • Det norske operatørselskapet pliktar også å halde tilsynsmyndighetene orientert om utviklinga i ein beredskapssituasjon, og om kva tiltak selskapet planlegg å sette i verk for å handtere ulukka.

Vår krisekommunikasjon
For oss er temaet krisekommunikasjon relevant frå mange sider. Vi er sjølv ein beredskapsorganisasjon med ein vakttelefon som er bemanna døgnet rundt, året rundt.

Beredskapsvakta tek imot alle varsel om uønska hendingar og har ansvar for å etablere beredskapsorganisasjonen vår når det er nødvendig.

Da vert relevante ressursar kalla inn til sentralen i Stavanger, slik at myndigheitene kan føre tilsyn med operatøren sin handtering av situasjonen og kommunisere våre vurderingar til omverda.

Informasjons- og mediehandtering er ein del av beredskapsorganisasjonen.