Gå til hovedinnhold

Behandling av samtykkesøknader

Samtykkesøknader vert behandla av oss, Miljødirektoratet og Statens helsetilsyn ved Fylkesmannen i Rogaland (FMRO), avhengig av innhald.


Myndigheitene vil i kvart enkelt tilfelle bestemme kor detaljert saksbehandling som er nødvendig, avhengig av mellom anna

  • erfaringar med den aktuelle operatøren
  • erfaringar med entreprenørane som etter planen skal involverast i verksemda
  • erfaringar med aktuelle prosjekt/innretning/fartøy
  • spesielle sikkerheits- og arbeidsmiljømessige utfordringar knytt til aktiviteten som vert omfatta av samtykkesøknaden, mellom anna miljøsårbarheten til området  
  • tidspunktet for når aktiviteten skal setjast i gang  

Det er vi som gir samtykker, i kraft av vår koordinerande rolle og basert på kommentarar frå FMRO. Miljødirektoratet fattar sitt eige vedtak ved behandling av utsleppsløyve.

Saksbehandlingstid – fire til ni veker
Vi reknar normalt med å bruke fire veker på å behandle ein samtykkesøknad. Dersom vedtaket vert klaga på, vil total sakshandsamingstid vera opp mot ni veker.

I dei fleste tilfelle vil ikkje samtykket verta påklaga. Dette gjeld spesielt i områder

  • som ikkje er følsame for miljøet, på djupt vatn eller nær land
  • kor det ikkje skal sleppast ut store mengder kjemikalie
  • kor kjemikalia som skal sleppast ut er i gul eller grøn kategori

Søknader til krav om miljødokumentasjon
Miljødirektoratet handhevar forureiningslova, og behandlar alle dokument som omhandlar ytre miljø-krava i regelverket, medrekna utsleppsøknader og selskapa sine analysar av miljørisiko og beredskap/oljevern i samband med ein leiteaktivitet.

Direktoratet sender miljødokumentasjonen på høyring, med ein høyringsfrist på omlag åtte veker. Direktoratet reknar difor med ei behandlingstid på rundt 13 veker. Ved ein eventuell klage vil dette også avhenge av Miljøverndepartementet si behandling.