Gå til hovedinnhold

SUT til å stola på

Samsvarsuttaling (SUT) er eit viktig verktøy for oppfølging av sikkerheita på boreriggar og andre flyttbare innretningar på norsk sokkel. Men ordninga fungerer bare når ho er basert på tillit og klar ansvarsplassering.




This article was originally published in
Safety - Status and Signals 2012-2013

To order a hard copy
(free of charge):

Send an e-mail to
margrethe.hervik@ptil.no

Ved inngangen til 2013 hadde 51 flyttbare innretningar fått SUT, slik at dei kan drive verksemd på norsk sokkel. Av desse er 39 boreriggar, seks er hotell/flotell, tre er flytande produksjonsinnretningar og tre er brønnintervensjonsfartøy.

At for eksempel ein borerigg har SUT, betyr at Ptil har tillit til at petroleumsverksemd kan gjennomførast med den aktuelle riggen i tråd med krava i regelverket.

Det betyr ikkje at myndigheitene har ansvar for at drifta skjer etter regelverkskrava; dette er reiaren/ operatøren sitt heile og fulle ansvar.

Ein SUT frå Ptil seier bare at vilkåra for sikker drift er til stades, på bakgrunn av ein omfattande gjennomgang av innretninga og organisasjonen som skal operera han.

Reiaren er ansvarlig
Det er reiaren (driftsentreprenøren) som er ansvarleg for at organisasjonen som driv innretninga, møter krava i regelverket. Same ansvaret gjeld òg for styringssystema og den tekniske tilstanden til innretninga. Reiaren har samstundes ansvar for å måla og dokumentera at krava i regelverket er innfridde.

Dette skal ein kunne dokumenta til ei kvar tid, så lenge innretninga har SUT. Myndigheitene kan etterprøva informasjonen, blant anna gjennom tilsyn  Før ein innretning får SUT, blir han grundig handsama hos myndigheitene.

Det er framleis meir vanleg enn uvanleg at Ptil finn avvik eller forbetringspunkt under ei SUT-behandling. Men Ptil gir ikkje ut SUT før avvika er retta opp i eller kompensert for, slik at sikkerheitsnivået på innretninga er i samsvar med regelverket.

I 2012 blei det offentleg stilt spørsmål ved sikkerheita til Scarabeo 8 og Floatel Superior i forbindelse med dei alvorlige hendinganeder. Media og andre lista opp avvik Ptil hadde funne på riggane før hendingane fann stad, og indikerte på den måten at riggane ikkje var skikka til oppgåvene.

Må ha sut
Det er viktig å understreka at desse avvika var irrelevante i den aktuelle situasjonen. Dei blei påviste av Ptil medan SUT- behandlinga gjekk føre seg. Riggane kan på det tidspunktet ikkje operera på norsk sokkel.
'
Ingen innretning får SUT før avvika frå regelverket er lukka, eller handsama på ein tilfredsstillande måte.

Betra teknisk tilstand
Innføringa av SUT-ordninga på slutten av 1990-talet har gitt betre arbeidstakarmedverking, og auka regelverksforståinga i næringa. Ordninga har gitt reiarane meir kompetanse og betra kjennskapen til teknisk tilstand på eigne innretningar.

SUT-ordninga har òg generelt medverka til betre teknisk tilstand på flyttbare innretningar på norsk sokkel. Ordninga er godt innarbeidd, forstått og støtta av partane næringa – og er eit viktig bidrag til sikkerheitsnivået i norsk petroleumsverksemd.