Gå til hovedinnhold

Stormfull evakuering

I alt 336 personar måtte evakuerast etter at det blei slått hol i skroget på den flyttbare bustadinnretninga Floatel Superior i november.




Artikkelen er hentet fra publikasjonen
Sikkerhet - status og signaler 2012-2013

Bestilling (gratis):
Send en e-post til
margrethe.hervik@ptil.no

Natta mellom 6. og 7. november 2012 forårsaka eit laust anker åtte hol i skroget, vassfylling av to ballasttankar og krenging på cirka 5,8 grader på den flyttbare bustadinnretninga Floatel Superior.

Då hendinga skjedde, låg Floatel Superior på Njordfeltet i Norskehavet. Sterk vind og høge bølger skapte i første omgang problem for evakueringa. Men etter kvart kunne totalt 336 personar flyttast med helikopter over til andre innretningar i nærleiken. 38 personar blei igjen om bord.

Sjølve hendinga førte ikkje til personskader om bord på Floatel Superior. Ptil ser alvorleg på det som skjedde, og tok raskt avgjerd om å setta i verk gransking av hendinga.

Granskingsrapporten skal etter planen vera klar i mars 2013. Den vert då publisert her på nettstaden.